Dobbeltforedrag: Vald og samliv i Landslova
NB:arrangement17 Mar 2024

Dobbeltforedrag: Vald og samliv i Landslova

To foredrag som tar utgangspunkt i Magnus Lagabøtes landslov ved professorene Hans Jacob Orning og Sigrun Høgetveit Berg.

Det første tar for seg valden i og utanfor Landslova. Magnus Lagabøtes landslov av 1274 er kjend for å prøve å få bukt med valdsbruken i samfunnet. Lova omtaler borgarkrigsperioden som ei «villfaringståke», og innførte eit forbod mot ættehemn, det vil seie at det fra nå av berre var lov å hemne seg på gjerningsmannen, ikkje på hans frendar. Men kor valdeleg var samfunnet før lova blei innført? I dette foredraget diskuterer Hans Jacob Orning, professor i mellomalderhistorie, dette spørsmålet ut frå ein tese om at samfunnet før Landslova var nokså fredeleg, men at menneska hadde andre haldingar til kva vald var, enn det som kjem til syne i Landslova.

Magnus Lagabøte var sterkt inspirert av kristen tenking, og Landslova ber preg av dette, sjølv om Magnus og kyrkja ikkje vart samde om korleis kristenrettane skulle formulerast i Landslova. I det andre foredraget vil professor Sigrun Høgetveit Berg sjå på korleis Landslova og kristenrettane forsøkte å regulere ekteskap, samliv, og seksualåtferd og korleis lovene såleis påverka dei nære relasjonane til folk flest, fattig som rik. (Begynner på 48:57)

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populært innen Samfunn

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
rss-spartsklubben
konspirasjonspodden
alt-fortalt
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
popradet
aftenpodden-usa
lydartikler-fra-aftenposten
grenselos
vitnemal
wolfgang-wee-uncut
synnve-og-vanessa
fladseth
frokostshowet-pa-p5
den-politiske-situasjonen
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
198-land-med-einar-trnquist
rss-herrepanelet
rss-dannet-uten-piano