
Mjuk start
Vi rawdoggar første episode og kjem med våre udokumenterte og uopplyste meiningar og dei fire første landa i ESC 2025. Vi startar oss i varmare strok og besøker Albania, Slovenia, Montenegro og Hellas. Marvin Wiseth (katten, ikkje ordføraren) er gjest.
27 Mar 38min

Topp 12 frå 12 Poeng
No snakkar vi! -24 er eit sterkt år, og no kjem vi til crême de la crême, inkludert eit overraskande antal frå dei fem store, og eit ikkje overraskande antal estiske bidrag.
6 Mai 20241h 16min

Heilt middels
Spørsmålet er: Er det mest keisamt å høyre på noko vi ikkje likar, eller noko som er litt sånn meh? Hanne og Lars går gjennom 24.-13. plass på årets rangeringsfasit, og så kan de sjølve vurdere kva som er mest provoserande. Og hugs: Vi har rett, og de tek feil, med mindre de er samde med oss.
5 Mai 202453min

Brejnn i dass!
Vi tel ned årets 36 bidrag, og byrjar sjølvsagt på botnen, der vi i år finn mykje badedrakt og kahoinkers. Kven stikk av med den tvilsame æra av å vere den mest bedritne songen i år?
4 Mai 202458min

Benel... nei, Baltikum
Seks veker for seint kjem denne episoden, men frykt ikkje, for vi skal likevel rekke å kome gjennom alle bidraga før årets ESC!
3 Mai 202432min

The Witching Hour
Er det ikkje rart at det kvart år dannar seg nokre "tema", tilsynelatande spontant? I starten av kvalifiseringssesongen i år var det påfallande mange heksete songar som melde seg på, og du treng ikkje be Lars to gongar om å støtte den trenden! Men er Hanne like entusiastisk? Hint: Det norske bidraget ER Trondheimsbasert, og det let som regel bra i eit par øyre frå Nardo.
5 Mar 202443min

Kaukasus og skrikeklem
Pust, pes, kjem vi i mål i tide? Lamminga dreg ut og Kanne Kalse er 50% sjukmeld, og vi hastar framover med tre av dei sju attståande bidraga. Armenia, Aserbajdsjan og Georgia leverer ein mildt sagt blanda potpurri med flagrande friassosiert heksemusikk, SoMe-kritisk trendy morsmålsrap og... earwormpop? Sjangervåsalarm og meir livsvisdom frå folk som ikkje er gamle nok til å leige ein bil. Kaukasus er dagens destinasjon og Hanne og Lars er som vanleg klare med sine friassosierte tankar om det dei leverer. Thing is known.
7 Mai 20231h 11min





















