
Mørketid
Korleis veit hjernen vår når vi skal sove og når vi skal vere våkne? Jo, den samarbeidar med auga for å stille den indre klokka etter dagslyset! Derfor er det kanskje ikkje så rart at mange kjenner på auka søvnighet når mørketida setter inn. I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvnen når haustmørkret kjem snikande. Vi snakkar om korleis lys påvirkar døgnrytmen, og gir konkrete råd for kva du kan gjere for å føle deg opplagt – til og med når dagene blir korte og mørke. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
22 Okt 14min

Snudd døgnet i ferien?
Kva er vel betre enn ferie og lange, varme og lyse sommarkveldar? Mange av oss forsinkar søvnen gjennom ferien, og då kan det vere veeeldig tungt å komme seg på jobb klokka 08:00 ein måndag morgon i august…I denne episoden snakkar Søvnpodden om kvifor søvnen vert forsinka i ferien, korleis vi kan unngå det, og kva vi kan gjere for å komme raskere tilbake til kvardagen når ferien er over. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
4 Aug 14min

Melatonin
Melatonin er no for salg reseptfritt, og vert brukt av fleire og fleire, men veit du egentlig kva melatonin er, og korleis det virker?I denne episoden har Søvnpodden hatt besøk av lege og søvnekspert Bjørn Bjorvatn som forklarer kva melatonin er, til kass type søvnproblem det bør brukast, og korleis. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
1 Jul 27min

Søvnproblem, kor er hjelpa?
Nasjonalt senter for søvnmedisin blir ofte kontakta av fortvilte pasientar som lurer på kor dei kan få hjelp til søvnproblema sine, og behandlarar som lurer på kor dei skal tilvise pasientane. Då er svaret vårt: «Det kjem heilt an på kva søvnproblem det er snakk om». I denne episoden av Søvnpodden snakkar vi om dei ulike søvnsjukdommane, korfor dei krev ulik tilnærming og kva medisinske spesialitetar som kan hjelpe. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
27 Mai 21min

Søvn og stress
Søvn og stress heng tett saman. Stress kan gjere det vanskelig å sove, samtidig som lite søvn kan gjere oss stressa. I denne episoden har Søvnpodden hatt besøk av stressforskar Anette Harris. Vi snakkar om kva stress er, korleis det heng samman med søvn, og korleis vi kan bruke denne samanhengen til vår fordel. Sliter du med søvn kan det nemlig hjelpe å ta grep for å redusere stress, medan fokus på gode søvnvaner kan gjere stresset lettare å handtere. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
27 Mar 25min

Hva er søvnhelse?
Kvart år i mars markerar vi Verdens søvndag over hele globen/plata, for å framme bevisstheit om søvnen sin betydning for helse og velvære. Tema for 2025 er «Make sleep health a priority», som på norsk vil sei noko sånt som «Prioriter søvnhelsa di». Men kva er egentlig søvnhelse? I denne mini-episoden av Søvnpodden, spelt inn i anledning Verdens søvndag, snakkar vi søvnhelse: Kva er det, korleis ivaretar vi det, og kvifor er det viktig? Gratulerer med (søvn-)dagen! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
14 Mar 11min

Pustestopp og CPAP
Søvnapné betyr pustestopp under søvn, og det er jo ikkje særlig gunstig for søvn og helse. Heldigvis finst det veldig god behandling! CPAP er ei maskin som, via ein slange og ei maske, blåser (forsiktig) luft inn i nase og munn for å halde luftvegane opne når du søv. I denne episoden fortel lungesjukepleiar Hilde Tveit deg alt du treng vite om CPAP, anten du nettopp har fått diagnosen søvnapné og skal starte behandling, eller du er ein erfaren CPAP-bruker, eller om du deler soverom med nokon som bruker CPAP. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
6 Mar 33min





















