Emigrantviser. Lars Bremnes, Abazar Hamid, Liv Kreken og Kari Slaatsveen
NB:arrangement28 Jun 2016

Emigrantviser. Lars Bremnes, Abazar Hamid, Liv Kreken og Kari Slaatsveen

Arrangement 26.5.2016 Europa er midt i den største flyktningkrisa og folkevandringa sidan den andre verdskrigen. Det er denne røyndomen visesongar Lars Bremnes har som bakteppe når han tek oss med på ei reise inn i emigrantvisene si verd og visearkivet til Nasjonalbiblioteket, i følgje med forskningsbibliotekar Liv Kreken og programleiar Kari Slaatsveen. Emigrantviser kan enten beskrive sjølve reisa til fjerne land, fortelje om hardt arbeid og tapte draumar i det håpefulle landet, eller om heimlengt og sakn. I Nasjonalbiblioteket sitt visearkiv finn ein fleire hundre slike meir eller mindre ukjende viser om emigrasjon frå Noreg. «Emigranten» frå byrjinga av 1900-talet er ei av dei, som Bremnes i kveld spelar med heilt ny melodi særskild laga for anledninga. Bremnes har sjølv skrive om det å vere flyktning, i visa «Elias sang», som i løpet av nokre månader blei kjent over store delar av verda. Bremnes syng «Elias sang» denne kvelden, men ho vil óg bli urframført på arabisk av Noregs første fribymusikar Abazar Hamid, i den syriske flyktningen Gassan Gaisson si omsetjing. Hamid kom til Harstad i desember 2014, etter å ha flykta frå heimlandet Sudan på grunn av sine politiske songar med bodskap om fred. Arrangementet er ein del av konsertserien Støv og stjerner.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populært innen Samfunn

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
rss-spartsklubben
konspirasjonspodden
aftenpodden-usa
alt-fortalt
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
popradet
lydartikler-fra-aftenposten
grenselos
vitnemal
wolfgang-wee-uncut
synnve-og-vanessa
fladseth
rss-dannet-uten-piano
frokostshowet-pa-p5
den-politiske-situasjonen
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
198-land-med-einar-trnquist
opptur-med-annette-og-ingeborg