Havella. Lundeng, Larsen og Syvertsen
NB:arrangement8 Feb 2018

Havella. Lundeng, Larsen og Syvertsen

Havella er ei lita and, ofte sett langs kysten i Nord-Noreg, og ho har gjeve namn til ein slått som er særeigen for Lofoten og Salten. Ein liten vals som hermar lyden til den vesle fuglen. I den norske folkemusikktradisjonen er musikken uløyseleg knytt til dei gode forteljingane, og dei gode forteljarane er høgt skatta. Felespelar og komponist Susanne Lundeng er av dei fremste folkemusikarane i landet og har bidratt sterkt til å sette den nordnorske folkemusikken på kartet. I 2016 vann ho Spellemannprisen for plata 111 Nordlandsslåtter - hilsen Susanne Lundeng. Felespelar Ove Larsen var den fyrste som tok doktorgrad på nordnorsk folkemusikk, og er i dag professor i musikkvitskap ved Nord universitet. No møter dei felespelar og vokalist Tuva Syvertsen til ei samtale der dei gode historiene står i sentrum.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populært innen Samfunn

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
rss-spartsklubben
konspirasjonspodden
aftenpodden-usa
alt-fortalt
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
popradet
lydartikler-fra-aftenposten
grenselos
vitnemal
wolfgang-wee-uncut
synnve-og-vanessa
fladseth
rss-dannet-uten-piano
frokostshowet-pa-p5
den-politiske-situasjonen
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
198-land-med-einar-trnquist
opptur-med-annette-og-ingeborg