Konstruksjonen av Norden: Mellomalderen. Bergsveinn Birgisson og Carline Tromp
NB:arrangement2 Feb 2021

Konstruksjonen av Norden: Mellomalderen. Bergsveinn Birgisson og Carline Tromp

Kva slags førestillingar fanst om Norden i Danmark, Sverige, Noreg og Island i mellomalderen? Korleis var naboskapen, og korleis såg omverda på oss? Islandske Bergsveinn Birgisson er doktor i norrøn filologi og forfattar av både historiske fagbøker og romanar frå vikingtida til 1700-talet, sist Reisen til livsvannet og Mannen fra middelalderen. Han møter filolog og kritikar Carline Tromp til samtale om Norden i mellomalderen.

Korleis blei vi Norden? Kor kjem ideen om Norden frå, og kva utgjer eigentleg det nordiske? I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO:Norden utforske ideen om det nordiske fellesskapet – frå mellomalderen og fram til i dag. Kva har historisk sett ført oss nærmare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen – med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit – og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringar i samtida og i framtida? Gjennom føredrag, samtaler og digital formidling vil serien ta for seg dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populært innen Samfunn

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
rss-spartsklubben
konspirasjonspodden
alt-fortalt
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
popradet
aftenpodden-usa
lydartikler-fra-aftenposten
grenselos
vitnemal
wolfgang-wee-uncut
synnve-og-vanessa
fladseth
frokostshowet-pa-p5
den-politiske-situasjonen
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
198-land-med-einar-trnquist
rss-herrepanelet
rss-dannet-uten-piano