– Det er betre med mange solceller enn eitt digert gasskraftverk

– Det er betre med mange solceller enn eitt digert gasskraftverk

Det seier Anne Karin Sæther i Norsk klimastiftelse i denne episoden av Klimax, der energitryggleik er eitt av hovudtemaa. Vekas antiklimaks går for øvrig til ein tidlegare Høgre-statsråd.


Dei siste vekene sine droneobservasjonar i Danmark og fleire andre europeiske land har skapt frykt og avdekt sårbarheiter. Kva er det eigentleg vi står overfor – og er klimaomstillinga blitt eit sidespor i debatten om energitryggleik?


Panelet diskuterer òg utspela frå Equinor-toppen Torgrim Reitan om at ingen olje skal bli liggjande att på norsk sokkel dersom Equinor får bestemme. Men kva er det statens oljeselskap eigentleg fryktar at det nye Stortinget kan finne på?


Panelet kjem òg med tilrådingar til korleis det nye Stortinget bør forhalde seg til Norgespris, som tredde i kraft 1. oktober.

Som alltid vert episoden avslutta med kåringa av vekas klimaks og antiklimaks.


Med i denne podkasten er:

  • Anne Karin Sæther, prosjektleiar i Norsk klimastifting
  • Lars Holger Ursin, redaktør og forskingsformidlar i Norsk klimastifting
  • Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastifting


Finn kjelder og relevante lenker på energiogklima.no/podkast

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
forklart
popradet
aftenpodden-usa
stopp-verden
det-store-bildet
fotballpodden-2
dine-penger-pengeradet
nokon-ma-ga
e24-podden
frokostshowet-pa-p5
rss-penger-polser-og-politikk
rss-dannet-uten-piano
rss-ness
bt-dokumentar-2
aftenbla-bla
rss-gukild-johaug
unitedno
ta-dokumentar