
Here we go again
Lakseskatt er vekas store sak, og «Nokon må gå»-gjengen gir deg det du treng for å henge med i samtalen. Som ein bonus får du også ei grundig analyse av Støres kunstpausar og sukk. Men også Bybanen er på veg tilbake i nyheitsbiletet. Og det ligg nokre hindringar i denne skinnegangen, som kan få valkampen til å spore av. Til slutt tar me ein ny prat om Fisketorget. Produsent: Henrik Svanevik
30 Mar 202336min

Landsmøte-spesial: Har Høgre sjel?
Ei helg på Gardermoen med Høgre har fått Gerd til å tenke og stille store eksistensielle spørsmål. For etter eit landsmøte med lite politikk, mykje Erna Solberg, tacobuffet og coverband som spelar Postgirobygget, er det nødvendig å spørje: Kva er Høgres sjel? Finst den? Og må dei kanskje vere sjellause for å bli Norges neste folkeparti? Produsent Henrik Svanevik
27 Mar 202316min

Ap er blitt et veikryss og Bergen kjøper godvilje og gladsaker
Jonas Gahr Støre mener Ap er blitt veikrysset ulike partier møtes i. Er det fordi de blir overkjørt av alle? Bergen bestikker studenter med gavekort og henter PR-hjelp for å redde Fisketorget. Vegvesenet har begynt å lefle med promovideoer. Og imens, i Oslo, skal Høyre ha landsmøte med masse taler og null politikk. Produsent: Henrik Svanevik
23 Mar 202342min

Landsmøte-spesial: Sp + SV = Gøy
Gerd og Morten har vore på kvart sitt landsmøte, og dei vert debrifa av Jens. Produsent: Henrik Svanevik
20 Mar 202321min

Eksklusivt i NMG: SV pustar Ap i ryggen på ny bergensmåling
SV susar framover i Bergen, og i helga har både dei og Sp landsmøte. Vedum har slutta å le, men vil i staden overvake oss alle. KrF vil hindre skjenking på Torgallmenningen. Overraskande nok er ikkje Nokon må gå-panelet einig. Produsent: Henrik Svanevik
16 Mar 202339min

Vestlandsvasking, Erna-bok og køkaos
Erna Solberg har gitt ut eit nytt politisk manifest, men i Nokon må gå-studio blir det reist eit stort spørsmål til det heile. For kva gjorde ho eigentleg då ho styrte sjølv? Rikingar som prøver å vestlandsvaske skatteproblema sine er også tema. Og i vekas «Å Vestland» står by mot land når vegarbeid og kø er tema. Er det eigentleg synd på byfolk som står i kø på veg til hytta? Produsent: Henrik Svanevik
9 Mar 202336min

Spesial: – Eg er ofte glad for at eg ikkje sit i den regjeringa
Audun Lysbakken har berre dagar igjen som SV-leiar, og snakkar ut i denne liveinnspelinga av «Nokon må gå». Han gir sin analyse av kvifor regjeringa feilar, kvifor Vestlandet taper, og kvifor det trass alt ikkje går endå betre med SV. Gjest er også Amy Black Ndiaye, skaparen av suksess-serien «Verden er min». Produsent: Henrik Svanevik
8 Mar 202358min