Sommarspesial: Kunsten å bjuda på
premium
Nokon må gå13 Jul 2023

Sommarspesial: Kunsten å bjuda på

Det er sommarferie, men Jens, Eirin og Gerd har rykande fersk boksmat til lyttarane. Når valkampen nærmar seg vil me heilt sikkert sjå stadig fleire politikarar som byr på seg sjølv. Me kårar dei beste/verste eksempela frå halvåret som er gått, og spekulerer i kven som vil stå for valkampens villaste påfunn. Produsent: Arve Stigen

Episoder(415)

Fart, julerotter og vanntortur

Fart, julerotter og vanntortur

NMG-gjengen tar ein runde på viktige juletradisjonar. Medan Hans Mjelva håper på kjelkeføre, overlever Morten Myksvoll austmannjulen med å gå fort på bortoverski. Eirin Eikefjord meiner julen er ein estetisk katastrofe, og prøver desperat å kvitte seg med ei julerotte. Jens Kihl omfavner både austlandslandsjul og julepynt, og har sjøvlsagt nokre woke juletips på lager. Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl, Hans Mjelva og Eirin Eikefjord Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

22 Des 202230min

Rune Bakervik om Høgre-samarbeid, draumen om valsiger – og juletradisjonar

Rune Bakervik om Høgre-samarbeid, draumen om valsiger – og juletradisjonar

Målingane er elendige for Ap, men byrådsleiar Rune Bakervik seier han trur på valsiger. Men kven skal han samarbeide med når stemninga på venstresida er på frysepunktet? Og er verkeleg bergenspolitikken så bråkete som ryktet tilseier, eller trakkar BT litt hardt på gasspedalen? Programleiarar: Jens Kihl og Eirin Eikefjord Gjest: Rune Bakervik (Ap) Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

15 Des 202245min

NMG Live: Kan me fikse bergenspolitikken på éin kveld?

NMG Live: Kan me fikse bergenspolitikken på éin kveld?

Bergenspolitikken har vore gjennom nokre turbulente år. For å prøve å fikse dette, har «Nokon må gå» tydd til parterapi, direkte på scena til Det Vestnorske Teateret i Losjen. Med oss på scena var byrådsleiarkandidat Christine Meyer (H) og kulturbyråd Eduardo «Doddo» Andersen (Ap). Programleiarar: Morten Myksvoll, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Gjestar: Christine Meyer (H) og Eduardo «Doddo» Andersen (Ap) Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

8 Des 202254min

Pengedryss over Vestlandet, skillingsbolle på ein snurr og infantile studentar

Pengedryss over Vestlandet, skillingsbolle på ein snurr og infantile studentar

Det er semje om statsbudsjettet, og SV har sikra pengar til viktige vegar og prosjekt her vest. Samstundes får regjeringspartia stadig nye skrekkmålingar. Kan det henge saman? I Bergen har studentane erklært utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) persona non grata, noko som har skapt intern strid i podden. Det same har vår tids viktigaste bakst- og bollespørsmål, og NMG-gjengen tar debatten. Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

1 Des 202239min

Ap-krise, fylkesbygget får kjeft og strilementalitet

Ap-krise, fylkesbygget får kjeft og strilementalitet

Krisemålingane kjem på løpande band for Arbeidarpartiet. Sett frå vest, freistar det å skulde på lakseskatten. Men er det eigentleg Aps problem no? Og korleis skal Ap kome seg opp att? Det er hovudsaka i denne vekas episode. Me diskuterer òg Arkitekturopprøret, som nominerte det nye fylkesbygget i Bergen til Grøss-prisen, og Jens spør om det er strilementalitet som skal få oss gjennom klimakrisa. Programleiarar: Morten Myksvoll, Hans Mjelva og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

24 Nov 202245min

Rasisme, Doddo-kritikk og Sophie Elise i Sogn

Rasisme, Doddo-kritikk og Sophie Elise i Sogn

Sumaya Jirde Ali har meldt Atle Antonsen til politiet for hatytringar. Saka har skapt store reaksjonar, og utløyst ein ny debatt om rasisme i Noreg. Bergens nye kulturbyråd Eduardo «Doddo» Andersen får kritikk for å vere for lite erfaren. Men er det rettvist? Vekas «Å Vestland» handlar om Sophie Elises besøk i Lustrabadet. Men burde jentenachspielet eigentleg vore i Lærdalstunnelen? Programleiarar: Eirin Eikefjord, Morten Myksvoll og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, BT

17 Nov 202246min

Lysbakken går, Mæland er tilbake

Lysbakken går, Mæland er tilbake

Audun Lysbakken går av som SV-leiar til våren, og «Nokon må gå»-podkasten oppsummerer hans tid som partileiar. Men éin ting skapte meir furore i redaksjonen enn ein avtroppande partileiar frå Bergen: Monica Mæland er tilbake, for ho blir ny direktør i Bergen Næringsråd. I vekas «Å Vestland» dykker Jens Kihl ned i det mørkaste han har sett av moralisme: Sjokoladesituasjonen på helsetunet i Balestrand. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, NRK

10 Nov 202239min

Vestlandets første (og siste?) 100 km/t-veg

Vestlandets første (og siste?) 100 km/t-veg

Motorvegen mellom Bergen og Os har opna, og me lurar på om dette er alt me får i vest. For det er ikkje akkurat mange oppturar på samferdslefeltet for tida. Hans prøver å vere optimist på klimaets vegne og Eirin dukkar opp for å rapportere frå slottet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll, Hans Mjelva og Eirin Eikefjord. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, Frp, FN og TV 2

4 Nov 202239min

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
forklart
stopp-verden
hva-star-du-for
popradet
nokon-ma-ga
fotballpodden-2
dine-penger-pengeradet
det-store-bildet
aftenbla-bla
frokostshowet-pa-p5
e24-podden
rss-dannet-uten-piano
unitedno
rss-ness
rss-penger-polser-og-politikk
rss-borsmorgen-okonominyhetene
liverpoolno-pausepraten