
Landsmøte-spesial: Eggelikør, fotside kjolar og macarena hos Frp
50-årsjubilanten Frp har hatt landsmøte, og Eirin Eikefjord gir dei toppscore for festen. Tamme diskusjonar om kjernekraft på dagtid, blei erstatta av trapesartistar og dans mellom bordene på kveldstid. Det fortel oss også litt om kor dette partiet står for tida. Produsent: Henrik Svanevik
2 Mai 202315min

Ap-drama og russefest i fylkeskommunal regi
Me ladar opp til to svært ulike landsmøte dei to kommande helgene: Frp har 50-årsjubileum og skal feire, medan dei i Ap har splid, personkonflikt og maktkamp. Her snakkar me himmel og helvete. Og så snakkar me om russetid. For når blei det eigentleg eit ønske og krav frå russen om å feste og vere drita i trygge, fylkeskommunale rammer? Produsent: Henrik Svanevik
27 Apr 202337min

Landsmøte-spesial: Mykje Raudt og litt KrF
Morten brukte ungdomstida i Framstegspartiets Ungdom. Denne helga var han på sitt første Raudt-landsmøte. Me tar òg ein kort tur innom Hamar, der KrF tok eit lite retningsval i kampvoteringa om nestleiarvervet. Produsent: Henrik Svanevik
24 Apr 202322min

Pepsi max-krise, «Havbyen» og ein narsissistisk, dialektarrogant egotrip
Streiken held fram, og butikkhyllene går tomme for Pepsi max. Hamstrejournalistikken får mykje tyn, men den har også noko for seg. Her i vest handlar det om havet denne veka, men er eigentleg «Havbyen Bergen» meir enn et kult merkenamn og ein reklamefilm? Og så er det tid for å plukke frå kvarandre dialektdebatten til NRK-gubbane. Produsent: Henrik Svanevik
20 Apr 202346min

Streikespesial: Me tok feil
Kommentatorar og ekspertar gjekk langt i å avfeie det, men no er ein historisk streik eit faktum. Korleis enda me her? Partane er djupt ueinige om tilbodet som låg på bordet, så Gerd Tjeldflåt har henta inn sin kollega Hans Mjelva til å forklare konflikta og korleis dette rammar oss. Produsent: Henrik Svanevik
17 Apr 202316min

Streikefare og gledestårer
Måndag morgon kan me vakne opp til streik. Me snakkar om årets lønnsoppgjer, kvifor det er ekstra vanskeleg, og korleis sjølv eit godt oppgjer kan gi oss mindre å rutte med. Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum er blitt så upopulære at ein kommune ber dei halde seg unna i valkampen. Og på laurdag kjem sjølvaste Statsraad Lehmkuhl heim til Bergen. Det fører til ein svært sterk og uventa reaksjon i studio. Produsent: Henrik Svanevik
13 Apr 202337min

Påskereise: Fasit og vinnar
Me avslører alle våre ti stoppestader på påskereisa, og den heldige vinnaren av vår eksklusive «Nokon må gå»-kopp. Produsent: Henrik Svanevik
12 Apr 20239min

Bli med på påskereise
«Nokon må gå» dreg på rundtur i Noregs land. Skjønnar du kor me stoppar? Send oss dine svar og bli med i trekninga av ein eksklusiv NMG-kopp! Produsent: Henrik Svanevik
5 Apr 202316min