Janne Robberstad om global øko-design i teaterverden
17-målspodden11 Jun 2021

Janne Robberstad om global øko-design i teaterverden

Visuell kunst formidlar gjerne heilskapleg gjennom sansane, den kan opplevast. Den kan frastøyte eller fryde, få ein til å glise eller grine. Ikkje minst kan den brukast til å få betraktaren til å tenke. Å bruke kunst aktivt i arbeidet mot ei meir medviten og berekraftig verd, vil truleg nå inn på ein anna måte enn rein teoretisk forsking, fordi den ikkje går omvegen via ord, men talar direkte til sjela. Øko-design fungerer som ein brubyggjar i det naturfaglege og det kunstfaglege samarbeidet. Ein treng det beste frå begge felt for å få til eit vellukka, økologisk berekraftig design, der summen blir større enn delane. Kunst og øko-design dannar bakteppe for denne samtalen der fokus er på berekraft i design av scenografi i teater- og operaverden. Janne fortel mellom anna om det tverrfaglege og globale Global Science Opera, som ho er produksjonsleiar for. Ho fortel også om det overordna målet for arbeidet hennar, eit mål som ikkje er av dei små.

Episoder(82)

Populært innen Fakta

fastlegen
dine-penger-pengeradet
hanna-de-heldige
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
treningspodden
fryktlos
foreldreradet
rss-strid-de-norske-borgerkrigene
jakt-og-fiskepodden
dypdykk
takk-og-lov-med-anine-kierulf
sinnsyn
rss-kunsten-a-leve
rss-sunn-okonomi
hverdagspsyken
rss-sarbar-med-lotte-erik
tomprat-med-gunnar-tjomlid
doktor-fives-podcast
mikkels-paskenotter
gravid-uke-for-uke