
Fylle-Facebook, fylleskirenn og Erna-hyllest i Bergen
Per Willy Amundsen var full på Facebook, men det har vel Frp-arar vore før? Kvifor er dei så harde denne gongen? I Bergen fekk Erna Solberg heidersrolle i ein operette om aksjesvindel, til stormande jubel frå salen. Neste veke kan Bybanens skjebne bli avgjort, og me er spente. Og så var det fyllekaoset i Holmenkollen: Har nasjonen Norge eit alkoholproblem?
14 Mar 202436min

USA-spesial – Gamlefar klarte seg
State of the President var god då han leverte sin State of the Union førre veke. Det betyr mykje for Joe Bidens vinnarsjansar. Og no er det klart på ekte: Det blir revansjevalkamp. Me snakkar litt om Nikki Haleys exit.
12 Mar 202422min

Betyr 8. mars noe i år?
Mobilen blir kastet ut av rettssalen og klasserom. Denne uken startet ankesaken i den kontroversielle gruppevoldtektssaken i Bergen. Gerd, Eirin og Marie diskuterer hvorfor kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun hylles for helt åpenbare forslag. Og hvorfor føles 8. mars så ubetydelig i år?
7 Mar 202436min

USA-spesial – Gaza-protestar mot Biden
Amerikanske muslimar er misnøgde med Joe Bidens støtte til Israel. Det førte til over 100.000 blanke stemmer i primærvalet i Michigan. Og i dag er det Super Tuesday. Kjem Nikki Haley til å gi seg etter det?
5 Mar 202424min

Menn er frå mars og kvinner frå venstresida
Han meinte ikkje at kvinner har ansvar for at menn får ligge. Men kva meinte Fpu-leiar Simen Velle, eigentleg? Høgre har vore eksepsjonelt strenge med sin eigen Erna Solberg, noko som truleg var ganske lett for partiet. Og i Bergen har mange mista sympatien med museumsdirektøren for Kode.
29 Feb 202433min

USA-spesial – Har frosne embryo rett til liv?
Abortdebatten er blitt så ytterleggåande i Alabama at sjølv Donald Trump trekker i naudbremsen. Framtida til assistert befruktning står på spel. Kan dette endre presidentvalkampen?
27 Feb 202421min

Snakka ho på seg ei ny bompengekrise?
Byutviklingsbyråden vil auke bompengane, men treng støtte frå bompengemotstandarar. Det kan bli krise. Ei ny abortlov, krise for Kunstmuseene i Bergen og Oslo-reklame på vegskilta i Bergen er òg tema i vekas episode.
22 Feb 202432min

USA-spesial – It's the economy, stupid!
Presidentvalet handlar om økonomi. Og den går jo godt i USA. Så då burde alt ligge til rette for at Joe Biden får ein ny periode. Problemet er berre at veljarane ikkje er einige. Berre spør Cardi B. Og apropos pengar: Trump har fått ein ny dom, og det blir ikkje billig for han.
20 Feb 202420min