
LO slo opp, rusavhengige blir jaga vekk og butikkhyllene er tomme
Vekas mest omtalte brot er i forholdet mellom LO og NHO. Men kva betyr det eigentleg? I Bergen er det julereingjering i byens rusmiljø. Og i butikkane sørgjer priskrig for at fleire varer er umogeleg å få tak i.
12 Des 202436min

Er Støres dagar talte? Eller feila mytteriet?
«Nokon må gå» har bursdag! Tenk om Støre samtidig måtte gått? No verkar akkurat det å vere eit stykke unna. Men kva skjedde eigentleg i denne høgdramatiske veka for Arbeidarpartiet?
5 Des 202436min

Spesial: Tidenes verste måling for Ap
Kor gale kan det gå for Arbeidarpartiet? Kor godt kan det gå for Frp? Ei ny BT-måling frå Hordaland viser historiske resultat i begge endar av skalaen.
3 Des 202417min

Flåing, trolling og eitt jubileum
Turistskatt kan gi Bergen 100 millionar ekstra i kassa. Ikkje rart dei er positive. Gerd forklarar korleis byrådet blir trolla og Hans mimrar tilbake til eit nei for 30 år sidan.
28 Nov 202436min

Solberg-show, ny Høiby-arrestasjon og gullfest
Kva ministerpost vil Erna Solberg ha i Sylvi Listhaugs regjering? Det spurte me henne om på live-showet vårt. I tillegg skal me vise korleis Brann har blitt ei brikke i eit politisk maktspel.
21 Nov 202437min

Statsminister Listhaug, bompengenekt og gullfeber
Frp er landets største parti. Men hei, Frp har vore populære før. Morten mimrar tilbake til si tid i partiet. I Bergen prøver byrådet å sleppe meir bompenger, og å finne pengar til folkefest. For me har gullfeber!
14 Nov 202437min

Trump vann. Kjem det til å gå bra?
Det me frykta, skjedde. No er det tid for å debriefe, vere irritert og skuffa, men og å sjå framover? Kva skjer når Donald Trump kjem til makta, og vil det gå bra med oss?
7 Nov 202436min

USA-spesial – Det går mot Trump-siger
I stat etter stat har Trump gjort det betre enn forventa. Morten og Gerd oppsummer ei valnatt som likna veldig på den i 2016. Og kva no?
6 Nov 202416min