
Statsbudsjett, skipstunnel og byrådskrise
Statsbudsjett og byrådskriser kjem ikkje kvar dag. Men onsdag 6. Oktober er ikkje ein kva som helst dag. I Oslo har eit litt stramt budsjett blitt presentert etter vekevis med åtvaringar om kor gale det skulle bli. Men det er ikkje strammare enn at regjeringa har funne pengar til ein tunnel for båtar. Og i Bergen går det mot ein skjebnekveld, der byrådet kan bli felt for barnevernsskandalane. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Hans Mjelva og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Bergen kommune, Stortinget
6 Okt 202240min

Ekstra: Byråd i krise etter barnevernsskandale
Tragiske barnevernssaker har kasta Bergen inn i ei av sine mest alvorlege politiske kriser. Mykje talar for at det blir fremja mistillitsforslag der heile byrådet kan ryke. Eirin Eikefjord, Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt oppsummerer dramet som så langt har utspelt seg. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl, Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
4 Okt 202223min

Nokon må gå live: Bergenspolitikken eitt år før valet
Når verda er for kaotisk, er det godt å vende blikket mot det kaoset me kjenner og elskar: bergenspolitikken. I dette opptaket frå Kulturhuset i Bergen har Eirin Eikefjord, Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt fått med talguru Johan Giertsen og NRK-kommentator Tone Sofie Aglen. Bakeppet er ein høgst uføreseieleg politisk situasjonen eitt år før valet. Svært mange veljarar er utru mot sine gamle parti. Kan det bli rom for nye jokerar? Til sist tek me turen til Trondheim, byen som ein gong var Bergens nemesis. Kor blei den krangelen av? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Eirin Eikefjord. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Nettavisen
29 Sep 202255min

- Viss Norge var ein person, ville me vore Gunhild Stordalen
Skitne oljepengar skal ikkje lenger investerast i anna enn nullutslepp. Er det toppen av dobbeltmoral? Eller skal me hylle initativet? Vekas krisemøte på Stortinget om straum er også tema i denne episoden. Det enda i nesten hundre forslag, men ingen vedtekne. Og vekas «Å Vestland» handlar om det rike korpsmiljøet i Nordhordland, og om naborivalisering. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Hans Mjelva Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NBIM, Stortinget
22 Sep 202228min

Bergen i bybanekaos, lærarsympati og ræveskaret opp
Regjeringa har nettopp kasta Bergen ut i meir bybanekaos. For skal dei likevel ikkje betale 70 prosent av banen? Blir det då meir bompengar? Samstundes er det gått ein månad sidan elevar skulle starta på skule, og foreldre begynner å gå laus på streikande lærarar. I vekas «Å Vestland» handlar det om manndomsprøven Stoltzekleiven opp, eller Ræveskaret opp som det eigentleg skulle heitt. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Hans Mjelva og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, TV2
15 Sep 202235min

Trym Aafløy: - Eg skjønnar jo ikkje Facebook
Det er tre år sidan han knekte bergenspolitikken, akkurat som Kim Kardashian knekte internett. I denne spesialepisoden av «Nokon må gå» fortel Aafløy om vegen frå å starte ei Facebook-side til å bli eitt av Bergens mest kjente fjes. Korleis var det å hamne i medias søkelys, og får Bergen sjå meir til Trym Aafløy? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
9 Sep 202246min

Ekstra: Sjokkmåling i Bergen!
Ei blodfersk måling i BT har så ekstreme tal at det nesten ikkje er til å tru! Arbeidarpartiet har aldri vore målt så lågt, medan Høgre flyr høgt. Og to nykommarar er inne med kvar sin representant i bystyret. Det eine partiet er det knytta stor spenning til. Programleiarar: Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
8 Sep 202221min

Prisen for ein dusj, trolling på scenen og vestlandske dilemmaer
Prisen på ein dusj blir stadig meir absurd, og misvisande straumjournalistikk får fortent kjeft. KrF manglar makt, retning og strategi, og me lurer på om KrF-leder Olaug «Fru Larkins» Bollestad kan lære litt av svenskane sin kristenpolitiske frontfigur Ebba Busch. Jens Kihl pirkar i metadebatten om den omstridde «Sløseriombudsmannen», og vekas djupdykk i den vestlandske folkesjela gir oss eit ekte dilemma: Ordførar eller austlending? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: «Prosjekt Sløseri», NRK
1 Sep 202248min