
Gjekk BT for langt i gruppevaldtektssaka?
Ingvild Kjerkol har fått sin endelege sensur på masteroppgåva. Må ho gå? Frifinninga av tre menn i gruppevaldtektssaka i Bergen skapar sterke reaksjonar. Ei ny bybaneløysing blir kalla genial, og i Oslo er 17. mai blitt kulturkrig.
11 Apr 202441min

USA-spesial – Han kunne stemt Trump i 2016. Joel Ystebø forklarar kvifor kristne likar Trump.
Kvifor flokkar kristne veljarar i USA seg rundt ein så ukristeleg figur som Donald Trump? Morten og Gerd får besøk av KrF-profil Joel Ystebø, som kan forstå kvifor verdikonservative søkjer seg mot den tidlegare presidenten.
9 Apr 202433min

– Ap vil drive slavedrift på ungdom
Ideen om eit pliktår for landets 19-åringar slår godt an i folket, men ikkje hos Morten og Gerd. Marie er derimot litt glad i tvang. Dessutan snakkar me om å vente på Bybanen til Åsane og om å reise klimavennleg som vestlending. Spoiler: Det siste er umogeleg.
4 Apr 202434min

USA-spesial – Dette er Bidens største trussel
Tredjekandidatar har vippa presidentval i USA fleire gonger. I år stiller ein Kennedy. Det kan bli alvorleg for Joe Biden. Gerd Tjeldflåt spør og Morten Myksvoll teiknar og forklarer.
3 Apr 202423min

Spesial: Live fra klimafestivalen Varmere, våtere, villere
Denne spesialepisoden er spilt inn live under klimafestivalen Varmere, våtere, villere i Bergen. Jens, Marie og Hans har med seg tidligere Ap-topp Marianne Marthinsen og fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland (Sp), og diskuterer små og store klimaspørsmål. Produsent: Henrik Svanevik
28 Mar 202451min

USA-spesial – Trump stressar med å skrape saman milliardar
Han skulle ha skaffa pengar til valkamp, i staden tiggar Trump om donasjonar for å betale domstolane. No har han fått ti dagar ekstra på å finne rundt to milliardar kroner. Viss ikkje kan heile Trump Tower kanskje ryke?
26 Mar 202425min

NTP-spesial – Regjeringa har balletak på byrådet
Regjeringa gir byrådet i Bergen eit val: milliardar til bybane eller utgreiing av tunnel. Ingen kan seie at Nasjonal transportplan er keisam.
22 Mar 202424min