
Ekstra: Byrådet slår sprekker
KrF forlét byrådet i Bergen i ein desperat jakt på nye veljarar. Dermed er eit allereie skjørt byrådssamarbeid blitt litt skjørare. Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl forklarar kvifor dette skjer og kva det vil få å seie for bergenspolitikken i denne ekstraepisoden. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
22 Aug 202221min

Live frå Arendalsveka med gjester
Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt har tatt med «Nokon må gå» til Arendalsveka. Med på scena er direktør i Språkrådet, Åse Wetås, som mellom anna kårar dei tre verste namna på norske instituasjonar. Det er også Frp-nestleiar Terje Søviknes og tidlegare justisminister Monica Mæland for å snakke om sine lange politiske liv. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Teknikk: Magne Antonsen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
17 Aug 202250min

Straumpris-bonanza og krisepakke mot regn
Sommaren er på hell, og du treng ei oppdatering på haustens store verkebyll og samtaletema: straumprisen. Det får du i haustens første ordinære episode av «Nokon må gå». Korleis vil det heile spele seg ut politisk? Kommentator Hans Mjelva er henta inn som forsterking, og forklarar kvifor prisen er så høg, om straumeksport og straumstøtte. Vekas «Å Vestland» handlar om det elendige sommarvêret på Vestlandet. Er det også her mogeleg å be om krisepakke frå staten? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Hans Mjelva. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK
11 Aug 202251min

Sommarspesial: Noregs mest entusiastiske politikknerd
I sommar inviterer Nokon må gå sine draumegjester i studio, og i denne episoden har kommentator Gerd Tjeldflåt besøk av meiningsmålingsentusiast Johan Giertsen. Få har betre oversikt over den politiske situasjonen, både nasjonalt og lokalt. Giertsen har sidan 2010 drive nettstaden Pollofpolls, der han analyserer kvar ei måling som blir gjort i dette landet. Her deler han av sin svært smittande entusiasme for politikk, gir sine beste analyser for neste års lokalval, og slår fast ein gong for alle at Bergen har den sprøaste politikken i dette landet. Programleiar: Gerd Tjeldflåt Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
4 Aug 202220min

Sommarspesial: Solrun Toft Iversen er ny teatersjef ved DNS
I sommar inviterer Nokon må gå sine drøymegjestar i studio. Denne episoden er det Solrun Toft Iversen som er gjest. Frå fyrste gong ho spelte i julespel i ein gymsal heime på Sotra, har Iversen jakta på magien som oppstår mellom sal og scene. No er ho ny teatersjef ved Den nationale scene, og skal navigere mellom sterke personlegdomar og kunstnariske ambisjonar. Korleis blir det? Programleiar: Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
28 Jul 202246min

Sommerspesial: Irritasjon, mannemennesker og kulturtips
I sommer inviterer Nokon må gå sine drømmegjester i studio, og i denne episoden har vi vår gjestekommentator Brit Aksnes på besøk. Hun er både forfatter, filmanmelder og dokumentarskaper, men mest av alt er hun irritert. på det meste. Det er et skjebnefellesskap hun deler med politisk redaktør Eirin Eikefjord, som tar samtalen innom livets store temaer midtlivskriser, barn, mannemennesker, trans og kultur. Programleder: Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
21 Jul 202229min

Sommarspesial: Instafenomen, Mesternes mester og barn i bil
Gjengen i «Nokon må gå» har ferie, men i denne spesialepisoden gir Eirin Eikefjord, Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt deg sine beste tips for sommaren. Kor bør du reise på Vestlandet? Kva kan du gjere for å aktivisere deg? Og kva er deira beste kulturelle tips? Her får tips om alt frå avsidesliggande instagramfenomen, kunstutstilling og musikk både du og ungane dine kan høyre på i bilen uten å bli galen. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord, Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
14 Jul 202228min

Pilotstreik, cruiseskam og Annes farvel
Streikande SAS-pilotar avlyser folks Syden-tur, men likevel støttar mange saka deira. I «Nokon må gå»-studio er det blanda kjensler for streiken som har sett så mange fly på bakken. Samstundes er cruiseskipa tilbake for fullt i Bergen, med alle problema det fører med seg. Og dette er Anne Rokkans siste episode som programleiar i «Nokon må gå». Ho får med seg Oslo-tips frå husaustlendingen Jens Kihl. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Anne Rokkan. Produsent: Gerd Margrete Tjeldflåt Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
7 Jul 202240min