
Miniepisode: Romania 2019
Vi tek mykje av æren for Romanias beste resultat heim til Noreg. Lars har uttalte problem med rumensk ortografi. Hanne har sansen for å samle makt hjå få heller enn mange.
4 Mai 201920min

Miniepisode: Latvia 2019
Er Latvia sitt bidrag omfatta av Genevekonvensjonen? Likar Lars borrelåsklede? Kan Hanne mykje om Internett? Svaret på dette og meir i dagens miniepisode!
3 Mai 201922min

Miniepisode: Sveits 2019
Vi diskuterer den kulturhistoriske signifikansen til Lou Bega. Hanne gløymer atter sitt store idol Céline og Lars drøymer om utviding av ESC nok ein gong.
2 Mai 201918min

Miniepisode: Moldova 2019
Vi trur Moldova sin artist har lete seg inspirere av ein aldrande Eurovision-favoritt. Hanne finn ut at ho nærast er kollega med henne. Lars lærer litt om utbrytarstatar i aust-Europa.
1 Mai 201919min

Miniepisode: Irland 2019
Hanne illustrerer korleis det irske bidraget burde vere, og Lars lengtar litt tilbake til Europas mordhovudstad Dublin.
30 Apr 201921min

Miniepisode: Armenia 2019
Vi besøker Hajastani hanrapetutjun AKA Armenia AKA det første transkaukasiske landet i ESC. Vi har også fått e-post! Det vil vi ha meir av til podcast@12poeng.no!
29 Apr 201923min

Miniepisode: Italia 2019
Elleve minutt ute i denne episoden er vi halvvegs gjennom bidraga i 2019! Nesten litt vemodig, eller? Neida, med 12 poeng er det uansett alltid Eurovisionsesong! Vi konstaterer nok ein gong at daddy issues er ei greie i ESC i år. Har du daddy issues eller andre problem? Vi er på Twitter og Insta @12poeng, klare til å hjelpe. Elles kan vi nåast på podcast@12poeng.no
26 Apr 201922min

Miniepisode: Israel 2019
Israel byr som vanlig på eit vanskeleg språk og endå vanskelegare utanrikspolitiske spørsmål. Hanne har tenkt på noko igjen. Lars viser stor entusiasme for det. Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller Instagram, eller nytt deg av langformatet e-post. Adressen er podcast@12poeng.no.
24 Apr 201923min