
Miniepisode: Israel 2019
Israel byr som vanlig på eit vanskeleg språk og endå vanskelegare utanrikspolitiske spørsmål. Hanne har tenkt på noko igjen. Lars viser stor entusiasme for det. Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller Instagram, eller nytt deg av langformatet e-post. Adressen er podcast@12poeng.no.
24 Apr 201923min

Miniepisode: San Marino 2019
Vi vurderer sjansane til middelaldrande programleiarar i ESC, Hanne avslører mellomnamnet til Lars og vi er generelt usamde. Siste miniepisode i Semi 1, vi kjem tilbake over påske med meir glam og glitter!
14 Apr 201920min

Miniepisode: Hellas 2019
Vi diskuterer likørar, Lars gjer sitt beste for å imitere Elena Paparizou, og Hanne vil at Svalbard skal bli med i ESC, men gløymer kvar Celine Dion kjem frå. Kontakt oss gjerne på Twitter eller Instagram @12poeng eller på e-post podcast@12poeng.no.
13 Apr 201912min

Miniepisode: Portugal 2019
Kvifor seier Lars "på Portugal"? Kva har ein sexsjappeekspeditør til felles med Björk? Kva land har Hanne ikkje vore i, eigentleg? Denne episoden gir kanskje fleire spørsmål enn svar. Spørsmål og svar til oss kan rettast til Instagram eller Twitter @12poeng eller til podcast@12poeng.no
12 Apr 201923min

Miniepisode: Estland 2019
Forventningane er alltid litt høgare til landet som gav oss Rändajad og Kuula. Greier estarane å innfri? Grunna tekniske problem er dagens episode både litt forseinka og har dårlegare lyd. Skjenn kan sendast til @12poeng på Twitter eller Instagram, evt pr. post podcast@12poeng.no.
11 Apr 201918min

Miniepisode: Island 2019
Hanne har tenkt på noko, og det fører jo aldri til noko bra. Lars prøver seg på đ og þ, og vi blir så himmelfalne over eit ålreit nordisk bidrag at vi tøyer begrepet "miniepisode" til bristepunktet. Kontakt oss gjerne på Instagram eller Twitter @12poeng, eller på e-post podcast@12poeng.no
10 Apr 201924min

Miniepisode: Australia 2019
Vi slenger ein shrimp on the barbie og besøker heimlandet til salties, livsfarlege insekt og Kate Miller-Heidke: Irland? Nei, Hanne, Australia. Klagene på kor teite me er i denne episoden kan leverast på Twitter eller Instagram @12poeng eller på e-post podcast@12poeng.no
9 Apr 201920min

Miniepisode: Georgia 2019
SoMe-ansvarlig Hanne vurderer å logge på Twitter for første gong. Lars rettar på georgisk uttale. Og dessutan: Er Sør-Ossetia eit eigna feriemål? Svaret får du i dagens episode. Vi er på Twitter og Instagram @12poeng. Vi har også e-post: podcast@12poeng.no
8 Apr 201919min