
MGP 2020 Delfinale 5: Nord-Norge
Lars byrjar bli trøytt av det som har vist seg å vere ein underveldande MGP-sesong, medan Hanne heltemodig prøver å sjå det positive i "melodiane" frå Nord-Norge.
7 Feb 202053min

MGP 2020 Delfinale 4: Vestlandet
Vi ynskjer vår første gjest velkommen til 12 poeng og snakkar om nok ei delfinale i MGP 2020. Er denne litt meir nyskapande enn dei førre tre? Hugs å kome med tilbakemeldingar til podcast@12poeng.no eller i talepostkassen vår på https://anchor.fm/12poeng/message
31 Jan 202041min

MGP 2020 Delfinale 2: Østlandet
Til Østerland vill jag fara Där bor allra kärestan min Men det jag inte förtält dig det er att han heter Rein. PS: Vi jobbar med lydkvaliteten, og veit at han framleis er suboptimal.
16 Jan 202047min

MGP 2020 Delfinale 1: Sør-Norge
Velkommen tilbake til 12 Poeng og denne noko underproduserte hastig laga episoden. Vi skuldar på NRK som PLUTSELEG SKULLE HA MGP I JANUAR og det utan å spesifikt åtvare Noregs beste, fremste og eldste ESC-podcast. 12 Poeng kjem no med enda betre lydkvalitet, men det virtuelle miksebordet vårt har dessverre kutta oss litt av i starten av setningane av og til. Ha tålmod med oss amatørar, det kjem seg etterkvart.
9 Jan 202035min

Lugano 1956
Hanne og Lars prøver seg i langformat med ny mikrofon! Åtvaring til audiofile: Episoden er full av gamle opptak som er dårleg digitaliserte og er dessutan redigert av, etter klippinga og miksinga å dømme, ei full steinkobbe.
22 Sep 20191h 32min

Bonusepisode: Avreagering 2019
Vi legg ei kontroversiell ESC-utgåve bak oss og reagerer på jurybråk, Feil Låt Vant-påstandar, politiske stunts og eldgamle popstjerner.
7 Jun 201934min

Miniepisode: Aserbajdsjan 2019
Kvifor er Lars misunneleg på Chingiz? Kor gammal er Hanne eigentleg? I denne siste semifinaleminiepisoden får vi svar!
16 Mai 201920min