
Tsjekkia 2021: Benny Cristo - Omaga
Lars har slipt den skarpe tunga si og Hanne imponerer med uventa tsjekkiske replikkar i aust og vest, eller, berre aust blir det vel. Tsjekkia leverer ung og frisk musikk, er det FOR ungt og frisk for eit aldrande podcastvertskapspar?
7 Apr 202119min

Estland 2021: Uku Suviste - The Lucky One
Vi fortset turneen i det sentrale nordaust-Europa og landar i dag i Estland, songens og strikkekunstens land. All grunn til å vere positiv altså! Men greier dei å leve opp til klassikarar som Rändajad og Kuula i år? Og held det å heite noko Åge-liknande for at Hanne skal like songen din?
1 Apr 202121min

Polen 2021: Rafał - The Ride
Den polske ESC-historia toppa seg tidleg og har vore jamnt under middels ei stund. Kan årets bidrag løfte landet opp frå den evige 17.-plassens dal? Også i denne episoda: Kanne Kalse viser seg å ha fleire sider enn vi trudde.
30 Mar 202126min

Malta 2021: Destiny - Je Me Casse
Vi prøver oss på maltesisk, det går dårleg. Ikkje bruk oss som maltesisk-kurs. Malta prøver seg på seier i år, mange veddemålsekspertar held det for sannsynleg. Kva seier ekspertane i 12 Poeng?
26 Mar 202120min

Moldova 2021: Natalia Gordienko - Sugar
Ein suggererande song frå Moldova i år, og den mest sexy sendinga av 12 Poeng på lenge, kanskje nokonsinne! Se bildene! I hovudet ditt, dette er ein podcast.
21 Mar 202121min

Georgia 2021: Tornike Kipiani (თორნიკე ყიფიანი) - You
Hanne er litt av ein spøkefugl i dag (også)! Korleis trur de Lars reagerer? Og kva med Georgia, då, dei som alltid sender noko annleis og spanande, kva har dei funne fram til oss i år? Litt sånn lotto med land som liker å skilje seg ut... Pluss sjokkerande nyhende frå Europas (mellombels) siste diktatur, Kviterussland.
18 Mar 202127min

Kroatia 2021: Albina - Tick Tock
Bli med Hanne og Lars både inn i ein draum og ut på ein jomfrutur!
16 Mar 202121min

Finland 2021: Blind Channel - Dark Side
Vi kan tilrå, viss du har lyst til å føle at du går i første klasse på Form og farge men ikkje har innflytelse over CD-spelaren på tegnesalen, å høyre på årets finske bidrag. Eller viss du har eit generelt ønske om å føle at det verste med årtusenskiftet er tilbake. Spoiler alert: Vi er ikkje begeistra. Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/ Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/ Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss
10 Mar 202120min