
Iii!
Tredje episode, III, tre i-ar. No er vi i gang! Frå aggressiv irsk pønkpop via billig israelsk realitymusikk til nok eit italiensk bidrag som kjem til å blåse mange konkurrentar av banen - her er noko både for dei med og dei utan smak. Pluss ein gjesteopptreden med religiøse svindelforsøk frå middelalderen og Hanne som les opp 60 bidrag i rekkefølge.
17 Feb 202245min

Melodi? Grand? Men Prix blir det i alle fall.
Altså, surmaga har vi vel alltid vore, men i år er det vel ikkje berre oss, eller? Er dette bra nok, NRK?
15 Feb 202242min

Eurovision Song Contest 2021: Debrief
Bli med på ein lett og ledig peisprat om årets ESC-veke og våre reaksjonar.
24 Mai 202151min

Portugal 2021: The Black Mamba - Love is on My Side
Portugal har tradisjonelt levert tradisjonelle portugisiske greier på portugisisk, og så sender dei altså sitt aller første heil-engelske bidrag i år. Med tekstinspirasjon frå ein nederlandsk sex-arbeidar. Wowza. Og til Hanne si store glede viser det seg at Lars produserer ei overtydande Macy Gray-etterlikning. Vi seier dessutan takk for i år til Kanne Kalse, takk for samarbeidet så langt og velkomen attende til henne.
10 Mai 202128min

Romania 2021: Roxen - Amnesia
Stemmer det at dette ikkje er første gongen vi brukar ein ikkje ubetydeleg del av podcasten til å snakke om den kortliva såpeserien Sunset Beach utan grunn? Føler det har skjedd før. Og Hanne har litt problem medd å skilje mellom Billy og Stomperud, noko som heller ikkje har så mykje med det rumenske bidraget å gjere. Kan det vere at bidraget ikkje stimulerer til sakleg samtale, eller ligg problemet hjå programleiarane?
9 Mai 202125min

Storbritannia 2021: James Newman - Embers
Men kvifor er United Kingdom og Great Britain begge oversett med Storbritannia?!
7 Mai 202118min

Russland 2021: Manizha - Russian Woman (Русская женщина)
Hanne avslører at ho er Jevgenij Pljusjtsjenko-fan, vi kranglar litt om det er Lazarov eller Lazarev og lærer om Tajdsjikistan. Dessutan er vi woke SJWs som tek eit tydeleg standpunkt mot konebanking og for kvinners rettigheiter.
5 Mai 202133min