
USA-spesial – Harris la ut agnet, og Trump beit på
Kamala Harris kom, handhelste og vann. Gerd og Morten har stått opp tidleg for å sjå presidentdebatt, slik at du slepp. Harris og Trump møttes for første gong i natt, og det blei ei oppvising i å setje Trump ut. Og på slutten fekk Harris endå ei gåvepakke.
11 Sep 202427min

Ny måling-spesial – For eitt parti er dette nedrig
Eitt år før stortingsvalet, har BT sjekka ståa i Hordaland. Og det er blått, blått, blått! I botnen kjempar fire parti om å få eit mandat. Det er duka for stort drama det neste året.
9 Sep 202417min

Bryllups-debrief, anonym snikfilmar og David Beckham
Burde me droppa å dekke bryllupet i Geiranger? Brudeparet ville jo tydeleg ikkje ha pressa der. Snikfilmaren i Arendal er identifisert i nokre medium, men ikkje i andre. Og kan David Beckham felle Liv Signe Navarsete? Produsent: Henrik Svanevik
5 Sep 202432min

USA-spesial – Morten svarer lyttarar og snakkar om abort
Skal Trump stemme for utviding av abortrettar i Florida? Eller ikkje? Spørst kva dag du spør. Morten forklarar kvifor dette er ei vanskeleg sak, og ei viktig sak i valkampen. Og så svarer han på spørsmål frå lyttarane!
3 Sep 202426min

Bergen slår alle rekordar og Märtha-effekten rammar monarkiet
Bergen kvittar seg med herremiddagen, og set nedbørsrekordar i eit bankande køyr. Småbarnsforeldre frå Vestlandet held fram å takke nei til Stortinget. Og i Geiranger er alle klar for bryllaup, men kongehuset vaklar.
28 Aug 202433min

USA-spesial – Litt kaldt vatn i årene, folkens
Gerd har kjent på ein letta følelse etter at Kamala Harris overtok som presidentkandidat. Men tek ho for lett på denne valkampen no? Morten prøver å skremme henne ned på jorda.
27 Aug 202432min

Krisehøst for KrF, bergensøkonomien og kongehuset
Må Olaug Bollestad gå av som partileder for Krf? Byrådet i Bergen bryter nok et valgløfte, og skandalene står i kø for kongehuset. Produsent: Arve Stigen
22 Aug 202439min