Arbeidarhjerte: Carl Frode Tiller og Eivind Hofstad Evjemo

Arbeidarhjerte: Carl Frode Tiller og Eivind Hofstad Evjemo

Carl Frode Tiller er kjend for dei djuptpløyande karakterportretta sine og sitt skarpe blikk for klasseskilje, ofte skildra med svart humor, ømheit og eksistensiell smerte. I sin nyaste roman Arbeidarhjerte tar han oss inn i eit velkjent Tiller-landskap.

Trond har mista grepet. Han har mista jobben, skilt seg frå kona og glir meir og meir frå dei to døtrene sine. Han, som veks opp i eit typisk arbeidarklassemiljø, og jobba hardt for å sikre seg alle moglegheiter, kjenner ikkje att det Noreg han ser rundt seg. Korleis vart det slik? Korleis kan han finne att sin plass i verda og kjempe for ein stad der han ikkje lenger kjenner seg velkomen?

Arbeidarhjerte er ei skildring av ei familiekrise og ei eksistensiell krise, om ein familiefar som vil godt, men som balar med ein krypande desperasjon og destruktive mønster av forakt og skam. Det er også ei forteljing om Noreg i dag, om arbeid og klasse.

Carl Frode Tiller har etablert seg som ei markant stemme i skandinavisk samtidslitteratur. Sidan debuten Skråninga i 2001 har han skrive djupe psykologiske portrett og velkomponerte, rike tverrsnitt av tida vi lev i, mellom anna i trilogien Innsirkling. Arbeidarhjerte er også venta å få eit band to, og saman vil romanane danne eit større verk om eit Noreg i endring og eit sosialdemokrati i forfall, der Tiller også nytta delar av si eiga familiehistorie.

Ein annan portrettør av det særnorske er forfattarkollega Eivind Hofstad Evjemo, som i sine siste utgivingar Den nye årstida og Ingens herre tematiserer omveltingane i det industrielle landbruket. No møtast dei til ein samtale om viljen til å bore i det ubehagelege, om sosial arv, utanforskap og eit Noreg i endring.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episoder(343)

Forbudte bøker: Moral og majoritetsmakt med  Trond Haugen

Forbudte bøker: Moral og majoritetsmakt med Trond Haugen

Foredrag ved Trond HaugenD. H. Lawrence, Radclyffe Hall, F. Scott Fitzgerald – historien er flust med forfattere som fikk bøkene sine inndratt og forbudt for sin «umoral», men som i dag regnes som klassikere. Også i Norge har rettsakene mot Agnar Mykle og Jens Bjørneboe satt dype spor i kulturen.Men moralske forbud gjør seg fremdeles gjeldende i dag. Rushdie-affæren og den pågående biblioteksdebatten i USA, om LHBTQ-litteratur rettet mot unge viser at generelt ulike kulturer og institusjoner kan overlappe i moralpolitikken de fører med litteratur som bøtemiddel.Hvilke hovedspor finnes her i sensurens historie, og hvilke moralpolitiske krefter begrenser litteratur i dag?Trond Haugen er forskningsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, og har i lang tid forsket på historisk sensur og der litteratur møter sine politiske grenser. Her vil han holde et foredrag om moralsensurens mange former og uttrykk, og se nærmere på hendelsene som har preget verdens kulturhistorier og lovverk.I foredragsserien Forbudte bøker kaster Litteraturhuset lys over måtene litteratur forbys, sensureres og undertrykkes på, historisk og i dag. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

14 Jan 202451min

Forbudte bøker: Karikaturer og kulturkamp med Erle Marie Sørheim

Forbudte bøker: Karikaturer og kulturkamp med Erle Marie Sørheim

Foredrag ved Erle Marie SørheimOveralt der det finnes tegneserier og karikatur, finnes det en historie av forbud og sensur. Tegneserier skildrer de seksuelle, politiske, religiøse og sosiale spørsmål som preger vår samtid, spørsmål som ofte møtes med hardt politisk press. Karikaturstriden rundt Jyllands-Posten satte en eldgammel form for politisk skrift på kartet igjen, med stadig ny aktualitet.Samtidig er tegneserier kanskje den mest politisk oversette av de store litteraturformene i Norge, da den stadig faller mellom stoler i de gjeldende støtteordningene som skal bevare kulturmangfoldet.Hva er det med tegneserieformen som gjør at den blir så lett sensurert, og samtidig så lett glemt? Og hvordan har historiens karikaturstrider påvirket sjangeren, kulturen og politikken?Erle Marie Sørheim er journalist og forfatter, blant annet av boken Karikaturenes historie: fra hulemalerier til Charlie Hebdo, samt den kommende boken Tegneseriens historie. Hun vil snakke om tegneseriens og karikaturens betydning for vestlig kulturhistorie, forbudene mot dem, og hvor skoen trykker i dag.I foredragsserien Forbudte bøker kaster Litteraturhuset lys over måtene litteratur forbys, sensureres og undertrykkes på, historisk og i dag. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

14 Jan 202450min

Sensur i øst og vest. Ian Buruma og Helge Jordheim

Sensur i øst og vest. Ian Buruma og Helge Jordheim

Ytringsfriheten er aldri absolutt, men er underlagt lover og sosiale normer. Trusler mot det frie ord kan komme direkte fra autoritære stater og religiøse institusjoner, men de kan også være selvforskyldt, i form av selvsensur. Begge former for sensur finner sted i demokratier så vel som i diktaturer, og ofte med stor overlapp.Særlig forfattere har blitt gjort til gjenstand for mektige institusjoners begrensninger opp igjennom historien, enten ved eksplisitt befaling eller vegring for å skrive litteratur som utfordrer og sjokkerer.Få kjenner dette landskapet bedre enn historiker, forfatter og kritiker Ian Buruma. Han har utgitt en rekke bøker om asiatisk (særlig kinesisk og japansk) kultur og historie, europeisk historie og Vestens møte med islam, og er i år aktuell med boken Kollaboratørene (til norsk ved Christian Rugstad). Buruma er i tillegg en høyt anerkjent kritiker og skribent for blant annet The New Yorker og The New York Review of Books, som han også var redaktør for.Denne kvelden vil Buruma holde et innledende foredrag om hvordan sensur har formet kunsten og politikken i både østlige og vestlige land, før han intervjues av forfatter og professor i kulturhistorie ved UiO, Helge Jordheim. Han møter Buruma til samtale om hvordan trusselen mot det frie ord har endret seg over tid, og hvilke begrensninger forfattere står overfor i dag.Arrangementet innleder Litteraturhusets serie om Forbudte bøker, som kaster lys over måtene litteratur forbys, sensureres og undertrykkes på, historisk og i dag. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

7 Jan 20241h 1min

Fem om Fosse: Tore Renberg

Fem om Fosse: Tore Renberg

Kva kjenneteiknar Fosse sin litteratur? Kva har Fosse hatt å seie for det norsk litterære miljøet, og kva sider av forfattarskapen hans er det andre skrivande menneske framhevar? Fire forfattarar og ein biskop gjev oss sine perspektiv på Fosse, gjennom kvart sitt mini-føredrag.Tore Renberg har skrive ei lang rekke kritikarroste og prislønte bøker for både barn og vaksne, og fleire av dei har vorte til film og teater. Mindre kjent er kanskje det sterke forholdet han har hatt til Fosse sin forfattarskap heilt sidan studietida. No vil han fortelje om sitt møte med Fosse – både mannen og orda. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

27 Des 202312min

Fem om Fosse: Kari Veiteberg

Fem om Fosse: Kari Veiteberg

Kva kjenneteiknar Fosse sin litteratur? Kva har Fosse hatt å seie for det norsk litterære miljøet, og kva sider av forfattarskapen hans er det andre skrivande menneske framhevar? Fire forfattarar og ein biskop gjev oss sine perspektiv på Fosse, gjennom kvart sitt mini-føredrag.Biskop i Oslo Kari Veiteberg har vore oppteken av forfattarskapen til Fosse i lengre tid. No vil ho ta for seg korleis Fosse skriv om religion og om døden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

27 Des 202312min

Fem om Fosse: Kathrine Nedrejord

Fem om Fosse: Kathrine Nedrejord

Kva kjenneteiknar Fosse sin litteratur? Kva har Fosse hatt å seie for det norsk litterære miljøet, og kva sider av forfattarskapen hans er det andre skrivande menneske framhevar? Fire forfattarar og ein biskop gjev oss sine perspektiv på Fosse, gjennom kvart sitt mini-føredrag.Kathrine Nedrejord har skrive for både ungdom og vaksne – og både romanar og dramatikk. Ho har attpåtil skrive ein god del om Fosse – i masteroppgåva si. Ho vil snakke om dramatikken til Jon Fosse, og korleis det internasjonale gjennombrotet vart mogleg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

27 Des 202314min

Fem om Fosse: Vigdis Hjorth

Fem om Fosse: Vigdis Hjorth

Kva kjenneteiknar Fosse sin litteratur? Kva har Fosse hatt å seie for det norsk litterære miljøet, og kva sider av forfattarskapen hans er det andre skrivande menneske framhevar? Fire forfattarar og ein biskop gjev oss sine perspektiv på Fosse, gjennom kvart sitt mini-føredrag.Vigdis Hjorth er ein av våre fremste forfattarar, med 38 prisvinnande og kritikarroste romanar, barnebøker og essaysamlingar bak seg. Ho debuterte same år som Jon Fosse og har følgt forfattarskapen hans frå starten. Ho vil fortelje om den tidlege Fosse, og om å vere ung skrivande samstundes med han. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

27 Des 202314min

Fem om Fosse: Brynjulf Jung Tjønn

Fem om Fosse: Brynjulf Jung Tjønn

Kva kjenneteiknar Fosse sin litteratur? Kva har Fosse hatt å seie for det norsk litterære miljøet, og kva sider av forfattarskapen hans er det andre skrivande menneske framhevar? Fire forfattarar og ein biskop gjev oss sine perspektiv på Fosse, gjennom kvart sitt mini-føredrag.Brynjulf Jung Tjønn har, som Fosse, skrive både poesi, romanar, dramatikk og bøker for barn og unge. Han er òg nyslått leiar i Den norske Forfatterforening. Han vil snakke personleg om kva Fosse sitt språk har hatt å seie for han og skrivinga hans. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

27 Des 202313min

Populært innen Samfunn

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
rss-spartsklubben
konspirasjonspodden
popradet
aftenpodden-usa
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
vitnemal
grenselos
wolfgang-wee-uncut
synnve-og-vanessa
alt-fortalt
frokostshowet-pa-p5
fryktlos
rss-dannet-uten-piano
rss-herrepanelet
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
198-land-med-einar-trnquist
den-politiske-situasjonen
krisemoter