– Det har vore eit skikkeleg drittår for norsk skule
Nokon må gå27 Mai 2021

– Det har vore eit skikkeleg drittår for norsk skule

Lærarane streikar, BT kjem med ny Sogn og Fjordane-måling, stortingsrepresentantar og andre i statsmakta får vaksine og Jens stiller fleire spørsmål frå Kvinneguiden. Programleiarar: Anne Rokkan, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Regjeringa

Episoder(410)

NMG live: For ei sjokkmåling!

NMG live: For ei sjokkmåling!

Valkampen har starta, og «Nokon må gå» får besøk frå Kjersti Toppe (Sp) og Arild Hermstad (MDG). BTs nye sjokkmåling er blant temaa, som viser Senterpartiet i fritt fall og eit MDG i god form. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen og Martin Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

20 Aug 202159min

– No fortener Erna Solberg ei litt dårleg måling

– No fortener Erna Solberg ei litt dårleg måling

BTs nye stortingsmåling er dårleg nytt for Høgre. Koronaen er tilbake i Bergen, med høge smittetal og nye restriksjonar. Og kven bør bli statsrådar i ei ny regjering? Det er tema i denne vekas episode av «Nokon må gå». Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT

12 Aug 202143min

Er det Sp-kaoset som skal gje Erna Solberg ein tredje periode?

Er det Sp-kaoset som skal gje Erna Solberg ein tredje periode?

Valkampen har starta, Gerd har vore i Sogn og Fjordane og det er skredfare inni tunnelane. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Høgre, NRK

5 Aug 202148min

Raudt kan kome over sperregrensa

Raudt kan kome over sperregrensa

Raudts Sofie Marhaug er gjest i denne vekas episode. Ho kan få Raudts første stortingsplass frå Hordaland, og partiet hennar kan kome over sperregrensa for første gong.

29 Jul 202149min

22. juli

22. juli

Denne veka er det ti år sidan terroråtaket 22. juli. Lubna Jaffery, som i dag er fungerande byrådsleiar i Bergen, var i Oslo då bomba gjekk av. Dottera hennar var på veg til Utøya. Programleiarar: Jens Kihl og Morten Myksvoll. Gjest: Lubna Jaffery (Ap) Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound)

21 Jul 202137min

Ei naken rumpe lokkar ingen til bygda

Ei naken rumpe lokkar ingen til bygda

Norwegian er i hardt vêr etter millionbonusar. Men kvifor trudde regjeringa at dei skulle vere solidariske med storsamfunnet? På fødeavdelingane er det fullt av fødande, og få jordmødre. Og i distriktet kler ein ordførar av seg for å stoppe fråflyttinga. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Lydklipp: NRK, Visit Norway Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

1 Jul 202145min

Det var ikkje eit menneskerettsbrot å stoppe den festen

Det var ikkje eit menneskerettsbrot å stoppe den festen

Partiet Raudt er i storform og kan lage kaos på Stortinget. I retten står slaget om det er ein menneskerett å få arrangere fest under ein pandemi. Og korleis skal ein kle seg i vestlandssommaren? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Lydklipp: NRK Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

24 Jun 202135min

NMG live: Det var den våren

NMG live: Det var den våren

Valkamp er tema når podkastgjengen får besøk av ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) og stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP). På scena på Litteraturhuset oppsummerer me også våren, og kårer Bergens beste krangel. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik og Martin Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

18 Jun 20211h 4min

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
forklart
stopp-verden
popradet
hva-star-du-for
nokon-ma-ga
fotballpodden-2
det-store-bildet
dine-penger-pengeradet
bt-dokumentar-2
unitedno
aftenbla-bla
e24-podden
rss-ness
rss-penger-polser-og-politikk
rss-dannet-uten-piano
rss-borsmorgen-okonominyhetene
oppdatert