
– Eg trur ikkje noko på at Sp ikkje vil i regjering
Vedum har repetert og repetert at Sp ikkje bryr seg om makt og posisjonar. Men så kom fylkeslaga hans og ville gjere han til statsministerkandidat. Samstundes er det strid om vegmilliardane på Vestlandet. Og dei siste daganes knallsol i vest tvingar fram spørsmålet: Kan ein bade i Bergen? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Margrete Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Nettavisen, Frp
3 Jun 202139min

– Det har vore eit skikkeleg drittår for norsk skule
Lærarane streikar, BT kjem med ny Sogn og Fjordane-måling, stortingsrepresentantar og andre i statsmakta får vaksine og Jens stiller fleire spørsmål frå Kvinneguiden. Programleiarar: Anne Rokkan, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Regjeringa
27 Mai 202151min

– Denne saka burde aldri gått til rettssalen
Høgre gjer det bra på ei ny BT-måling, austlandet får fleire vaksiner og NRK blir saksøkt av sin eigen programleiar. Og kva er det med Festspillene i Bergen? Programleiarar: Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, VG, Høgre
20 Mai 202143min

Bøndene tener neppe på drittkastinga
Høgre arrangerer landsmøte i motgang, medan bøndene gjer opprør mot regjeringa. Og Anne spør om 17. Mai-feiringa på bygda eigentleg er så annleis enn i Bergen – om ein ser vekk frå sentrum. Programleiarar: Anne Rokkan, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Frp
11 Mai 202147min

Frp blir mindre vestlandsk når Sylvi Listhaug tek over for Siv Jensen
Siv Jensen går av som Frp-leiar og Syvli Listhaug overtar. Kva har det å seie for partiet framover? Arkitekturdebatten har blomstra denne våren. Stemmer det at alt nytt er stygt – og er det i så fall arkitektane sin feil? I spalta «Å Vestland» tar Jens opp dette spørsmålet frå Kvinneguiden: Går det an å bu i Sogn og Fjordane? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK
6 Mai 202139min

KrF-landsmøte, abortdebatt og takk til bilistane
KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad har holdt sin landsmøtetale. Han går eit tøft valår i møte, men fekk han ei gåvepakke frå SV då dei vedtok å utvide retten til sjølvbestemt abort fram til veke 22? Det er tema i denne vekas episode. «Å Vestland» handlar om at FNB ville vedta ein takk til bilistane i bystyret denne veka. Kven andre bør bystyret takke, spør Jens. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: KrF, NRK
29 Apr 202140min

Ap-landsmøte, rusreform, ny måling og Kvinneguiden
Denne veka handlar det meste om Ap-landsmøtet. Støre har halde sin tale, og snart skal partiet hans avgjere rusreforma. Ap ser òg ut til å vere i vekst på målingane. I Å Vestland er det gisseleik denne gongen: er me smartare enn Kvinneguiden? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: Arbeidarpartiet, Nålebyen/BT
15 Apr 202150min