
Bybanen: Dagen derpå
Me skulle få eit endeleg vedtak på Bybanen til Åsane onsdag. I staden fekk me ei politisk krise som ikkje eingong Bergen har vore borti før. Kva skjedde i bystyret i går? Og kva skjer no? Det er tema i denne vekas episode. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Eirin Eikefjord Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lyd: BT
25 Nov 202138min

Blir det bybane til Åsane?
På onsdag vedtek truleg bystyret at Bybanen til Åsane skal gå i tunnel. Men blir den faktisk noko av? Og korleis ville bystyret sett ut no, dersom det var val i dag? BT har ei ny meiningsmåling, tatt opp midt under den mest intense bybanedebatten. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Eirin Eikefjord. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
22 Nov 202136min

Stortingspresidenten må gå
Klimatoppmøtet er over og sjefredaktør Frøy Gudbrandsen fulgte det i Glasgow. Ho er vekas gjest. I tillegg til verdas mogelege undergang, snakkar me om stortingspresident Eva Kristin Hansens pendlarbustad og byter ut Å Vestland med Å Bybanen. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Frøy Gudbrandsen Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, Guardian
18 Nov 202142min

Podjubileum, statsbudsjett og Bybanen
Vedum har presentert sitt første statsbudsjett, Bybanen er éi veke nærare eit vedtak og korleis feirer eigentleg vestlendingar? Det er tema i denne vekas episode av «Nokon må gå». Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Stortinget, BA
11 Nov 202145min

Vår tids største utfordringar: Klimakrise og bybanekrise
I denne episoden er det tid for å løyse store verdsproblem. Først: Korleis skal me nå klimamåla? Og deretter: Kor skal den Bybanen gå? Slike store spørsmål krev forsterkingar, så denne veka har Gerd Tjeldflåt fått med seg politisk redaktør Eirin Eikefjord og kommentator Hans Mjelva. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Hans Mjelva Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: VG
4 Nov 202148min

Død over Sogn og Fjordane, Kvinnherad-drama og UiB 75 år
Reform etter reform skulle gå i revers. Korleis gjekk det eigentleg? I Kvinnherad er det krig mellom Ap og Sp etter at Ap og Sp gjekk i regjering. Og kor mytisk er studietida i Bergen? Programleiarar: Eirin Eikefjord, Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Arve Stigen Lydklipp: Kvinnherad kommune og Stortinget Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)
28 Okt 202142min

Ekstreme straumprisar og Vestlandet kan lære av Saudi-Arabia
Straumprisane dominerer den politiske debatten, og me spør kvifor straumen kostar så mykje her i vest. Me må ein liten tur innom KrF, før Jens Kihl lurer på om Vestlandet kan la seg inspirere av Saudi-Arabia. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt , Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK
21 Okt 202146min

Ny regjering
Jonas Gahr Støre (Ap) har tatt over som statsminister. Gerd og Morten diskuterer statsrådskabalen og regjeringsplattforma i denne vekas episode. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK
14 Okt 202136min