
USA-spesial – Kattar, hundar, Swift-hat og nytt attentatforsøk
Det har vore ei travel helg på internett for republikanarane. Historia om innvandrarar som et kattar og hundar tek av. Donald Trump rasar mot Taylor Swift. Og så, seint søndag kveld, kom nyheitene om det som truleg er endå eit attentatforsøk mot Trump. Kva skjer med USA?
16 Sep 202426min

Møter Skandale-Erna seg sjølv i døra?
Bergensarar er ikkje lette å forstå, heller ikkje når dei fortel kva dei vil stemme. Me diskuterer eit ekte mysterium i denne episoden. Politikarane vil redde unge frå utanforskapet, men finst det så mange å redde? Og i Stavanger vil ikkje ordføraren gi seg utan kamp.
12 Sep 202434min

USA-spesial – Harris la ut agnet, og Trump beit på
Kamala Harris kom, handhelste og vann. Gerd og Morten har stått opp tidleg for å sjå presidentdebatt, slik at du slepp. Harris og Trump møttes for første gong i natt, og det blei ei oppvising i å setje Trump ut. Og på slutten fekk Harris endå ei gåvepakke.
11 Sep 202427min

Ny måling-spesial – For eitt parti er dette nedrig
Eitt år før stortingsvalet, har BT sjekka ståa i Hordaland. Og det er blått, blått, blått! I botnen kjempar fire parti om å få eit mandat. Det er duka for stort drama det neste året.
9 Sep 202417min

Bryllups-debrief, anonym snikfilmar og David Beckham
Burde me droppa å dekke bryllupet i Geiranger? Brudeparet ville jo tydeleg ikkje ha pressa der. Snikfilmaren i Arendal er identifisert i nokre medium, men ikkje i andre. Og kan David Beckham felle Liv Signe Navarsete? Produsent: Henrik Svanevik
5 Sep 202432min

USA-spesial – Morten svarer lyttarar og snakkar om abort
Skal Trump stemme for utviding av abortrettar i Florida? Eller ikkje? Spørst kva dag du spør. Morten forklarar kvifor dette er ei vanskeleg sak, og ei viktig sak i valkampen. Og så svarer han på spørsmål frå lyttarane!
3 Sep 202426min

Bergen slår alle rekordar og Märtha-effekten rammar monarkiet
Bergen kvittar seg med herremiddagen, og set nedbørsrekordar i eit bankande køyr. Småbarnsforeldre frå Vestlandet held fram å takke nei til Stortinget. Og i Geiranger er alle klar for bryllaup, men kongehuset vaklar.
28 Aug 202433min

USA-spesial – Litt kaldt vatn i årene, folkens
Gerd har kjent på ein letta følelse etter at Kamala Harris overtok som presidentkandidat. Men tek ho for lett på denne valkampen no? Morten prøver å skremme henne ned på jorda.
27 Aug 202432min