Presseskandale og ei oppskrift på å bli bergensar
Nokon må gå24 Feb 2022

Presseskandale og ei oppskrift på å bli bergensar

Hadia Tajik er vekas mest omtalte i Norge, etter utskjelling av Aftenposten og saker om pendlarbustad. Ei presseskandale kalla ho det, men er det kanskje ho som står for skandalen? Ei fersk bergensmåling står elles på programmet, før Anne Rokkan sjekkar om Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt er blitt ekte bergensarar enno. Programleiarar: Gerd Tjeldfåt, Anne Rokkan, Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Lyd: NRK Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Episoder(409)

FNB og Frp raknar, og BT har to nye vestlandsmålingar

FNB og Frp raknar, og BT har to nye vestlandsmålingar

Denne veka melde Trym Aafløy seg ut av FNB, Frp ekskluderte leiaren av Oslo Frp og BT har to ferske vestlandsmålingar. Og kvifor påstår vestlendingar at Columbus er frå Hyen når vi veit det ikkje er sant? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

17 Des 202052min

Bråk på rådhuset, rot i regjeringa og Førde-laksen

Bråk på rådhuset, rot i regjeringa og Førde-laksen

Byrådet får fleirtal for budsjettet, men møter mistillit i bystyret – igjen. Regjeringa satsa på karantenefritak for å hjelpe næringslivet og feila. Og Førde vil rasere kunstverket «Laksen». Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

10 Des 202039min

Regjeringa tappar oljefondet, Senterpartiet er størst og Gerd er tilbake

Regjeringa tappar oljefondet, Senterpartiet er størst og Gerd er tilbake

Journalistar er for greie med statsministerkandidat Vedum. Stad skipstunnel var vestlandssigeren vi ikkje ville vinne i statsbudsjettet. Og korleis blei Bergen ein brusteinsby? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Margrete Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK og TV 2

3 Des 202039min

Korona, fritt skuleval og ein pikant teori

Korona, fritt skuleval og ein pikant teori

Koronakrangelen held fram, fritt skuleval, er BT ei lokalavis. Og så har Jens ein teori om stadnamn i Bergen. Programleiarar: Jens Kihl, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

26 Nov 202038min

Koronakrangel, målingar og storm på Vestlandet.

Koronakrangel, målingar og storm på Vestlandet.

Har byrådet gått for langt i koronakrisa og kva meiner me om Songar frå Nyheitenes siste koronahit? Vestlandet har fått ny tenkjetank, men òg meir uvêr. Tòler vestlendingar storm betre enn andre? Programleiarar: Jens Kihl, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Klipp: Songar frå Nyheitene

19 Nov 202044min

Frp-floke, budsjett-bråk og redaktør-allsong

Frp-floke, budsjett-bråk og redaktør-allsong

Får Frp gjennomslag for å spenne bein på vestlandsindustrien? Kan partiet ha ein leiar som ikkje heiar på "flagg og fedreland"? Kræsjar Norwegian? Og Redaktørforeningen går over grensa med sin allsong. Programleiarar: Morten Myksvoll og Jens Kihl. Vikar: Hans K. Mjelva Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: TV 2, NTB og Norsk Redaktørforening

12 Nov 202051min

Å Amerika-valspesial

Å Amerika-valspesial

Kva skjer i USA no? Morten Myksvoll og Jens Kihl har med seg BTs sjefredaktør Frøy Gudbrandsen for å diskutere kva som har skjedd og kva som vil skje i verdas siste supermakt. Programleiarar: Morten Myksvoll og Jens Kihl. Vikar: Frøy Gudbrandsen Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: Ap-videohub (edited)

4 Nov 202029min

Tajik-boka, Bertheussen-saka og Stavanger

Tajik-boka, Bertheussen-saka og Stavanger

"Ikkje døm ei bok etter omslaget", var det visst nokon som sa. Det gjeld visst ikkje den nye boka til Hadia Tajik. Eirin Eikefjord, politisk redaktør i BT, er gjest denne veka. Det blir tid til både Hadia Tajik-boka, kva som eigentleg står på spel i Bertheussen-saka og alt rotet med valet i USA. Og så tek vi ein tur til Stavanger, Eikefjords heimby. Er dei eigentleg ganske like Bergen? Programleiarar: Morten Myksvoll, Eirin Eikefjord og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

29 Okt 202046min

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
forklart
stopp-verden
popradet
det-store-bildet
nokon-ma-ga
fotballpodden-2
dine-penger-pengeradet
bt-dokumentar-2
hva-star-du-for
aftenbla-bla
unitedno
e24-podden
rss-ness
rss-penger-polser-og-politikk
rss-borsmorgen-okonominyhetene
rss-dannet-uten-piano
oppdatert