STRID (1:12) Festen

STRID (1:12) Festen

En mann med sexy legger sprer genene sine litt for godt. En partylek ute av kontroll på Opplandene står i fare for å velte den skjøre freden.

Programledere: Aslak Sira Myhre og Ole-Albert Rønning Nordby. Episoden er laget i samarbeid med Anti. Ævestaden har komponert musikken til podkasten


Ny episode hver tirsdag!

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episoder(50)

Lagapodden: Kva samfunnsideologiar prega Norge på 1200-talet?

Lagapodden: Kva samfunnsideologiar prega Norge på 1200-talet?

Kongsspegelen var eit danningsverk som – sett på spissen – var skrive som ein styringsmanual for ein framtidig monark. Det var skrive omlag på den tida då Håkon ung døydde, og den yngre broren Magnus rykka opp som tronarving. Den seinare kong Magnus Lagabøter må difor som ung mann ha vorte kjent med Kongsspegelen. For mange av dei grunnleggjande tankar og idear som pregar Landslova av 1274, er alt formulert i dette danningsverket. Korleis plasserer Kongsspegelen seg i den europeiske tradisjonen for slike danningsverk, kva idear og tankar om stat og statsstyre vert uttrykt der, og i kva grad vart desse ideane og tankane realisert i det norske riket frå andre halvdel av 1200-talet? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

22 Sep 202129min

Lagapodden: Kva var tinget?

Lagapodden: Kva var tinget?

Landslova av 1274 representerer ikkje byrjinga på rettsleg regulering i det norske riket. Heller tvert om – det fanst alt ein solid og lang rettstradisjon som Landslova kunne byggja vidare på. Sentralt i denne rettstradisjonen stod tinget. Dei viktigaste mellom tinga var lagtinga Gulating for Vest- og seinare Sørlandet, Frostating for Midt- og seinare Nord-Norge, Eidsivating for indre Austland og Borgargarting for området rundt Oslofjorden og nedover til Gøta elv. Men når vart lagtinga organisert, kven var det som møtte på tinget, korleis vart saker avgjort, og korleis plasserte tinget seg i det meir allmenne styringsmaktslandskapet i mellomalderen?Professor emerita Else Mundal, UiB og professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

15 Sep 202131min

Lagapodden: Kva kan lovene fortelja oss?

Lagapodden: Kva kan lovene fortelja oss?

Litt enkelt sagt finst det to sentrale kjelder til norsk mellomalderhistorie fram til 1300-talet, og det er sagalitteraturen og dei meir reindyrka historieframstillingar, og så er det lovene. Frå rundt 1300 vert kjeldematerialet langt rikare, og ikkje minst får ein mengder med mellomalderbrev som ei meir kvardagsnær kjelde. Men kva fortel lovene oss om Norge i mellomalderen? Spegla lovene samfunnet slik det var eller slik ein ønskte det skulle vera? Var norske samfunnsforhold så spesielle at lovene var annleis enn dei vi finn andre stadar i Europa? Og kva kan faktisk rettspraksis fortelja oss om korleis lovene fungerte? Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

8 Sep 202133min

Lagapodden: Fransiskanaren på trona

Lagapodden: Fransiskanaren på trona

Vi veit veldig lite om Magnus Lagabøter. Årsaka er at sagaen om han, som vart delvis skriven medan han levde, har gått tapt. Men vi veit frå andre kjelder at Magnus fekk undervisning i fransiskanarklosteret i Bergen. Kva veit vi om klostervesenet i Norge – når fekk vi kloster og kva betydde det intellektuelt og økonomisk for det norske riket i høgmellomalderen? Og kva veit vi om fransiskanarane og deira klostervesen både i Europa og i Norge? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

5 Mai 202130min

Lagapodden: Kanonisk rett og kristenretten

Lagapodden: Kanonisk rett og kristenretten

Magnus Lagabøters Landslova regulerte verdslege saker i det norske riket. Åndelege saker vart handsama av kyrkja i kyrkjelege domstolar, der ein dømte etter kanonisk rett. Men kva var kanonisk rett? Korleis oppstod den, kva forhold regulerte den, korleis prega den europeisk samfunns- og rettsutvikling i høgmellomalderen, og kva var relasjonen til kristenretten?Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Anders Winroth, professor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

28 Apr 202130min

Lagapodden: Nye verdiar og St. Olavs lov

Lagapodden: Nye verdiar og St. Olavs lov

Landslova vidareførte St. Olavs lov. For Olav den Heilage si lovgjeving på Moster i 1024 ser i høgmellomalderen ut til å ha vorte rekna som opphavet til norsk rett. Korleis vart denne krigarkongen utgangspunkt for utviklinga av idealbiletet av kongen som skapar fred gjennom lov og rett, korleis kom forteljinga om hans liv og død til å endre synet på styrke og veikskap, og korleis kom kristninga til å skape eit nytt bilete av familien som igjen vart fundamentet for ei ny samfunnsordning? Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Kristin Aavistsland, professor ved MF vitenskaplig høgskole. Musikk ved Øyonn Groven Myhren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

20 Apr 202129min

Lagapodden: Kyrkja som statsmakt

Lagapodden: Kyrkja som statsmakt

I Landslova er tosverdslæra til Augustin presentert som ei form for statsrettsleg grunnlag. Det vil seia at det vi i dag kallar statsmakta, var delt i ein verdsleg del der kongen var Guds ombodsmann, og ein åndeleg del der biskopen hadde same rolle. Det var likevel inga enkel og opplagt grense mellom dei to delane av den framveksande statsmakta. Kva politisk, økonomisk og åndeleg rolle spela kyrkja i høgmellomalderen – korleis var kyrkja med å forme den framveksande statsmakta, korleis prega den jordgodsdanning og handel, og korleis prega kyrkja, som var til stades overalt gjennom lokalkyrkjene, folk sin kvardag? Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Sigrun Høgetveit Berg, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø. Musikk ved Øyonn Groven Myhren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

13 Apr 202135min

Lagapodden: Rex justus

Lagapodden: Rex justus

I Kongsspegelen vert borgarkrigane frå fyrste halvdel av 1100-talet til fyrste halvdel av 1200-talet framstilt som ei tid då det kom uår i folket slik at gode seder visna på rot. Lov og rett var eit middel til å unngå slikt elende for landet. Magnus Lagabøte presenterer i Landslova sjølv borgarkrigane som ein av grunnane til at det var behov for ny lovgiving. For ut av borgarkrigane vaks det eit nytt kongsideal – konge som rex justus som sikra undersåttane rettferd, fred og velstand. Men kva var borgarkrigane, kva var eigentleg dette nye kongsidealet, og korleis kom det til å fungere i praksis? Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Hans Jacob Orning, professor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

6 Apr 202134min

Populært innen Fakta

fastlegen
dine-penger-pengeradet
hanna-de-heldige
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
foreldreradet
fryktlos
mikkels-paskenotter
treningspodden
sondagsquiz-med-hasse-tophe
smart-forklart
dypdykk
sinnsyn
rss-kunsten-a-leve
dopet
rss-sunn-okonomi
sovnlos
hverdagspsyken
bedragere
tomprat-med-gunnar-tjomlid
rss-privatgranskeren-2