«Piri mitt mitt parian»
NB:arrangement8 Des 2016

«Piri mitt mitt parian»

Arrangement 22.11.2016 Dei særprega og vakre mellomalderballadane ber med seg dramatiske historier om alt frå død, valdtekt og blodhemn til vakker kjærleik og erotisk humor, frå religiøse visjonar og historiske hendingar til havfruer og snakkande dyr. Utstillinga «Piri mitt mitt parian» (22.11.–14.1.) trekkjer fram tre sentrale balladar – «Draumkvedet», «Villemann og Magnhild» og «Tordivelen og flua». Kva kan dei fortelje oss om korleis vi har levd før i tida, og kva vi har vore opptekne av? Prof.em. Olav Solberg er balladeforskar og har vore knytt til balladeprosjektet. Saman med kvedar Øyonn Groven Myhren, stortingspresident og kulturpolitikar Olemic Thommesen og musikar Knut Reiersrud samtalar han med redaktør i Bokmagasinet Karin Haugen om mellomalderballadar og arven dei ber med seg. Arrangementet er del av Nasjonalbiblioteket si lansering av tolv bind med mellomalderballadar: «Kråkevisa», «Bendik og Årolilja», «Per spelemann» og hundrevis av andre typar mellomalderballadar har bergteke og mora oss i fleire hundreår, og har etter kvart blitt ein viktig del av den norske kulturarven. Sidan folkeminnesamlarar byrja å skrive ned desse visene på midten av 1800-talet, har det vore arbeidd med å publisere balladane i ei vitskapleg utgåve. No har Nasjonalbiblioteket gjort ferdig det store arbeidet og lanserer denne hausten dei siste av tolv verk med melodiar, tekstar, songar- og samlarbiografiar og innleiingar om dei ulike balladetypane.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episoder(274)

Populært innen Samfunn

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
rss-spartsklubben
konspirasjonspodden
aftenpodden-usa
alt-fortalt
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
popradet
lydartikler-fra-aftenposten
grenselos
vitnemal
wolfgang-wee-uncut
synnve-og-vanessa
fladseth
rss-dannet-uten-piano
frokostshowet-pa-p5
den-politiske-situasjonen
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
198-land-med-einar-trnquist
opptur-med-annette-og-ingeborg