Ekstra: Sjokkmåling i Bergen!
premium
Nokon må gå8 Sep 2022

Ekstra: Sjokkmåling i Bergen!

Ei blodfersk måling i BT har så ekstreme tal at det nesten ikkje er til å tru! Arbeidarpartiet har aldri vore målt så lågt, medan Høgre flyr høgt. Og to nykommarar er inne med kvar sin representant i bystyret. Det eine partiet er det knytta stor spenning til. Programleiarar: Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Episoder(413)

USA-spesial – Frykt og redsle i valkampen

USA-spesial – Frykt og redsle i valkampen

Republikanarane hevdar USA er på veg mot helvete, og at Demokratane er skuld i at Donald Trump blir skoten på. Demokratane kallar Trump ein fare for demokratiet. Gerd og Morten utforskar mørket i denne valkampen.

24 Sep 202426min

Dei trudde botnen var nådd

Dei trudde botnen var nådd

Men KrF kunne søkke endå djupare. No er dei på botnen. Eller? Og finst det nokon som kan styre partiet? I Bergen er kommunekassa skrapt. Men éin ting finn dei pengar til. Og kva har Bærum og Bergen til felles?

19 Sep 202435min

USA-spesial – Kattar, hundar, Swift-hat og nytt attentatforsøk

USA-spesial – Kattar, hundar, Swift-hat og nytt attentatforsøk

Det har vore ei travel helg på internett for republikanarane. Historia om innvandrarar som et kattar og hundar tek av. Donald Trump rasar mot Taylor Swift. Og så, seint søndag kveld, kom nyheitene om det som truleg er endå eit attentatforsøk mot Trump. Kva skjer med USA?

16 Sep 202426min

Møter Skandale-Erna seg sjølv i døra?

Møter Skandale-Erna seg sjølv i døra?

Bergensarar er ikkje lette å forstå, heller ikkje når dei fortel kva dei vil stemme. Me diskuterer eit ekte mysterium i denne episoden. Politikarane vil redde unge frå utanforskapet, men finst det så mange å redde? Og i Stavanger vil ikkje ordføraren gi seg utan kamp.

12 Sep 202434min

USA-spesial – Harris la ut agnet, og Trump beit på

USA-spesial – Harris la ut agnet, og Trump beit på

Kamala Harris kom, handhelste og vann. Gerd og Morten har stått opp tidleg for å sjå presidentdebatt, slik at du slepp. Harris og Trump møttes for første gong i natt, og det blei ei oppvising i å setje Trump ut. Og på slutten fekk Harris endå ei gåvepakke.

11 Sep 202427min

Ny måling-spesial – For eitt parti er dette nedrig

Ny måling-spesial – For eitt parti er dette nedrig

Eitt år før stortingsvalet, har BT sjekka ståa i Hordaland. Og det er blått, blått, blått! I botnen kjempar fire parti om å få eit mandat. Det er duka for stort drama det neste året.

9 Sep 202417min

Bryllups-debrief, anonym snikfilmar og David Beckham

Bryllups-debrief, anonym snikfilmar og David Beckham

Burde me droppa å dekke bryllupet i Geiranger? Brudeparet ville jo tydeleg ikkje ha pressa der. Snikfilmaren i Arendal er identifisert i nokre medium, men ikkje i andre. Og kan David Beckham felle Liv Signe Navarsete? Produsent: Henrik Svanevik

5 Sep 202432min

USA-spesial – Morten svarer lyttarar og snakkar om abort

USA-spesial – Morten svarer lyttarar og snakkar om abort

Skal Trump stemme for utviding av abortrettar i Florida? Eller ikkje? Spørst kva dag du spør. Morten forklarar kvifor dette er ei vanskeleg sak, og ei viktig sak i valkampen. Og så svarer han på spørsmål frå lyttarane!

3 Sep 202426min

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
hva-star-du-for
forklart
stopp-verden
popradet
nokon-ma-ga
fotballpodden-2
dine-penger-pengeradet
det-store-bildet
aftenbla-bla
frokostshowet-pa-p5
unitedno
rss-dannet-uten-piano
e24-podden
rss-ness
rss-penger-polser-og-politikk
rss-borsmorgen-okonominyhetene
liverpoolno-pausepraten