Bergen i bybanekaos, lærarsympati og ræveskaret opp
Nokon må gå15 Sep 2022

Bergen i bybanekaos, lærarsympati og ræveskaret opp

Regjeringa har nettopp kasta Bergen ut i meir bybanekaos. For skal dei likevel ikkje betale 70 prosent av banen? Blir det då meir bompengar? Samstundes er det gått ein månad sidan elevar skulle starta på skule, og foreldre begynner å gå laus på streikande lærarar. I vekas «Å Vestland» handlar det om manndomsprøven Stoltzekleiven opp, eller Ræveskaret opp som det eigentleg skulle heitt. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Hans Mjelva og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, TV2

Episoder(410)

Sommarspesial: «Mange vil nok seie at mine diplomatiske evner er med på å halde dette saman.»

Sommarspesial: «Mange vil nok seie at mine diplomatiske evner er med på å halde dette saman.»

Høyr sjefen for Bergenslisten, Trond Tystad, fortelje om Christine Meyer, Bybanen, Jesus og Donald Trump i sommarspesialen av «Nokon må gå».

18 Jul 202428min

Sommarspesial: «Jo, det er meg på bussen. Ei pen utgåve av meg.»

Sommarspesial: «Jo, det er meg på bussen. Ei pen utgåve av meg.»

Første gong nokon føreslo for Erna Solberg at fjeset hennar skulle pryde ein heil buss, var ho skeptisk. I dette intervjuet snakkar ho om å bli eit fenomen, og kva som skjer den dagen merkevara Erna Solberg ikkje funkar lengre.

11 Jul 202429min

Er det ulovleg å vere naken og no?

Er det ulovleg å vere naken og no?

Eit burettslag i Bergen har fått nakensjokk. No vil dei at folk ikkje viser seg avkledd på balkongen. Og apropos forbod: Jonas Gahr Støre vil stenge barn og unge ute frå sosiale medium. Oss vaksne seier han ingenting om, men me hadde kanskje trengt eit forbod. Og så oppsummerer me vala i Storbritannia og Frankrike.

4 Jul 202439min

USA-spesial – Sjokkerande dom frå Høgsterett

USA-spesial – Sjokkerande dom frå Høgsterett

Amerikanske presidentar er delvis immune til evig tid. Slik må me tolke den ferske domen frå Høgsterett. Det er godt nytt for Donald Trump, som no heilt sikkert ikkje rekk å bli stilt meir for retten før valkvelden. Biden derimot slit med etterdønningane frå debatten.

2 Jul 202432min

USA-spesial – Alt gjekk gale for Biden

USA-spesial – Alt gjekk gale for Biden

Demokratane er i krisemodus etter den første presidentdebatten i natt. Viss veljarane ikkje syns Joe Biden var for gammal før, meiner dei definitivt det no. Donald Trump, på si side, laug så det rann av han. Høyr Morten og Gerds ferske oppsummering.

28 Jun 202430min

Superstjerne, pupper og endelig ny byråd

Superstjerne, pupper og endelig ny byråd

Det har vært Beckham-feber på deler av Vestlandet, mens noen ikke bryr seg. En måned etter at den forrige finansbyråden gikk av er endelig en ny på plass. Han flytter hjem fra Oslo. Og er det greit å flashe puppene når du er statsråd?

27 Jun 202427min

Er du ei «Basic bitch»?

Er du ei «Basic bitch»?

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) blir skulda for å vere ei «basic bitch». Er det greit å seie? Erna Solberg (H) meiner ho har funne svaret på kvifor byrådet i Bergen slit – og me mimrar tilbake på eit 20 år gamalt komistunt.

20 Jun 202437min

USA-spesial – Er Joe Biden heilt bortreist?

USA-spesial – Er Joe Biden heilt bortreist?

Videoar av president Joe Biden som verkar hjelpelaus er overalt på internett. Men fleire av dei viser langt frå heile sanninga. Kor kjem desse klippa frå, og kor mykje skade gjer dei for Biden? Dessutan er både The Economist og FiveThirtyEight ute med sine valmodellar. Morten forklarar korleis me kan bruke dei til å halde oss oppdaterte.

18 Jun 202426min

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
forklart
stopp-verden
popradet
hva-star-du-for
nokon-ma-ga
fotballpodden-2
det-store-bildet
dine-penger-pengeradet
bt-dokumentar-2
unitedno
aftenbla-bla
e24-podden
rss-ness
rss-penger-polser-og-politikk
rss-dannet-uten-piano
rss-borsmorgen-okonominyhetene
oppdatert