Mørketid

Mørketid

Korleis veit hjernen vår når vi skal sove og når vi skal vere våkne? Jo, den samarbeidar med auga for å stille den indre klokka etter dagslyset! Derfor er det kanskje ikkje så rart at mange kjenner på auka søvnighet når mørketida setter inn.

I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvnen når haustmørkret kjem snikande. Vi snakkar om korleis lys påvirkar døgnrytmen, og gir konkrete råd for kva du kan gjere for å føle deg opplagt – til og med når dagene blir korte og mørke.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episoder(27)

Ungdomssøvn

Ungdomssøvn

Ungdom som kjem i puberteten opplever endringar i søvn og døgnrytme. Det blir vanskeligare å kome seg i seng om kvelden, og ikkje minst å kome seg opp om morgonen. Skuldast det her berre dårlege val og feilprioritering?I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvn og døgnrytme i ungdomstida, og vi diskuterer hva ungdom sjølv kan gjere, korleis foreldre kan hjelpe, og kanskje viktigast - korleis vi som samfunn kan leggje til rette for at ungdom skal få nok søvn. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

14 Jun 202429min

Det finnast hjelp

Det finnast hjelp

Dette er episoden du har venta på! Søvnpodden losar deg gjennom ikkje-medikamentell søvnbehandling, steg for steg. Med litt kunnskap, og enda meir motivasjon er det faktisk mykje du kan få til på eigenhand. Med oss i studio er Bjørn Bjorvatn, kanskje den i Noreg med mest erfaring innafor ikkje-medikamentell behandling for kronisk insomni. Anten du er pasient, pårørande, lege eller anna helsepersonell - i denne episoden forklarar vi det du treng å vite! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

23 Mai 202442min

Søvn i overgangsalderen

Søvn i overgangsalderen

Er du kvinne i 40-50 åra og opplever du søvnvansker? Eller kanskje du kjenner eller bur saman med ei? Då bør du lytte til denne episoden av Søvnpodden! Søvnproblem er nemlig et vanlig symptom i overgangsalderen, og det er det ikkje alle som veit. For å lære meir om dette har Søvnpodden hatt besøk av Anita Prante (forfattar av "Menopauseboka"), som nærast boblar over både av kunnskap om overgangsalderen og engasjement for folkeopplysing. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

19 Apr 202431min

Hjernevask, astrocyttar og demens

Hjernevask, astrocyttar og demens

Denne episoden er for deg som vil vite enda meir om kva som skjer i hjernen når vi søv. Rune Enger er hjerneforskar og introduserar astrocytter (stjerneceller!) til vokabularet ditt - desse hjelper hjernen i å kvitte seg med avfallsstoff under søvn. Det er nesten som om hjernen slår på ei vaskemaskin når vi sovnar. Så enkelt, men likevel så komplisert, og viktig! Hjernevask kan nemlig forklare kvifor lite søvn ser ut til å auke risikoen for demens... Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

27 Mar 202419min

Snorkepodden!

Snorkepodden!

Søvnapné (episodar med pustestopp under søvn) er ein av dei vanligaste søvnsjukdomane våre. Søvnpodden har besøkt Harald Hrubos-Strøm, øyre-nase-hals-lege og søvnforskar, for å lære meir om kva som skjer ved pustestopp (under søvn) og om korleis søvnapné kan behandlast. Harald fortel entusiatisk - både om CPAP og alternative behandlingsmetodar. Mykje å lære, både for pasientar og pårørande! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

13 Mar 202424min

Bonusepisode: Helsesista!

Bonusepisode: Helsesista!

Kva er ungdom opptatt av når det gjeld søvn?Det har Helsesista, heile Noreg si helsesøster på sosiale medier, freista å finne ut av. I denne første bonusepisoden av Søvnpodden tar ho styringa i studio, med ein bunke spørsmål hun har fått frå følgarane sine. Ingvild og Siri frå Søvnpodden blir gjester i studio, og svarer på spørsmålene etter beste evne.Tidspress, tankekjør, mareritt og skjermbruk vert nokre av temaa. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

23 Feb 202425min

Kven/kva er Søvnpodden

Kven/kva er Søvnpodden

Søvnpodden er ein podkast for alle som søv. Og det gjer jo dei aller fleste av oss, kvar eineste natt. Om du likevel er usikker på om dette er ein podkast for deg, og ikkje er heilt klar for å hoppe til sengs med framande sånn heilt utan vidare, føreslår vi at du lytter til denne lille snutten. Her kan du bli litt kjent med oss i Søvnpodden, kva vi driv med og kva vi tenker å snakke om i episodane framover (spoiler: det har med søvn å gjere). Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

23 Feb 20244min

Søvn i dyreriket

Søvn i dyreriket

Alle dyr søv! Eller gjer dei egentlig det? For å finne svaret har Søvnpodden teke turen til Oslo for å ta ein prat med zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk Museum. Petter fortel entusiastisk om alt frå delfinar og fuglar som søv med halve hjernen, til manetar som søv UTEN at dei har ein hjerne. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

15 Feb 202426min

Populært innen Vitenskap

fastlegen
rekommandert
jss
tingenes-tilstand
sinnsyn
rss-paradigmepodden
forskningno
villmarksliv
rss-rekommandert
tomprat-med-gunnar-tjomlid
vett-og-vitenskap-med-gaute-einevoll
dekodet-2
doktor-fives-podcast
rss-nysgjerrige-norge
noen-har-snakket-sammen
tidlose-historier
fremtid-pa-frys
hva-er-greia-med
sovnpodden
abid-nadia-skyld-og-skam