
Høgres horrorsamfunn, badefest med MDG og drita full i 17. mai-toget
Bergensarar stimlar til Høgre på BTs ferske måling. Men samstundes har partiets frontfigur Christine Meyer presentert sitt skrekksamfunn: Eit der fattige får tak over hovudet. Har ho mista litt grepet? Bergen har alltid vore gode på 17. mai, men i det siste har nasjonaldagen blitt til flatfyll. Må me tørrleggjast? Produsent: Henrik Svanevik
16 Mai 202333min

Nachspiel, Tiktok og Excellence
«Nokon må gå» har vunne sin første mediepris! Og i sigersrus passar det fint å ta den store debatten om journalistar og politikarar kan gå på nachspiel saman. I Bergen blir innhald frå ei valdtektsrettssak lagt ut på sosiale medium, utan at nokon klarar å stoppe det. Kva kan rettssystemet gjere i møte med Tiktok? Produsent: Henrik Svanevik
11 Mai 202342min

Landsmøte-spesial: Når konfliktane er vekke, dansar Støre på bordet
Aps landsmøte er overstått, og det gjekk langt betre enn forventa. Faktisk så bra, at partileiar Jonas Gahr Støre dansa på bordet på landsmøtefesten. Men spenningane undervegs var til å ta og føle på. Politisk redaktør Eirin Eikefjord var til stades, og tek oss med på innsida. Produsent: Henrik Svanevik
8 Mai 202320min

Telefon fra Støre og en influenser på Akvariet
Selvskadingen i Arbeiderpartiet tar aldri slutt, og nå har statsminister Jonas Gahr Støre klart å gjøre seg selv til saken. Hvorfor ringte han Helga Pedersen selv? Imens skaper politivold enda en tillitskrise i politiet, og influenseren Sophie Elise har fått ekkel bismak i munnen av Akvariet i Bergen. Produsent: Henrik Svanevik
4 Mai 202333min

Landsmøte-spesial: Eggelikør, fotside kjolar og macarena hos Frp
50-årsjubilanten Frp har hatt landsmøte, og Eirin Eikefjord gir dei toppscore for festen. Tamme diskusjonar om kjernekraft på dagtid, blei erstatta av trapesartistar og dans mellom bordene på kveldstid. Det fortel oss også litt om kor dette partiet står for tida. Produsent: Henrik Svanevik
2 Mai 202315min

Ap-drama og russefest i fylkeskommunal regi
Me ladar opp til to svært ulike landsmøte dei to kommande helgene: Frp har 50-årsjubileum og skal feire, medan dei i Ap har splid, personkonflikt og maktkamp. Her snakkar me himmel og helvete. Og så snakkar me om russetid. For når blei det eigentleg eit ønske og krav frå russen om å feste og vere drita i trygge, fylkeskommunale rammer? Produsent: Henrik Svanevik
27 Apr 202337min

Landsmøte-spesial: Mykje Raudt og litt KrF
Morten brukte ungdomstida i Framstegspartiets Ungdom. Denne helga var han på sitt første Raudt-landsmøte. Me tar òg ein kort tur innom Hamar, der KrF tok eit lite retningsval i kampvoteringa om nestleiarvervet. Produsent: Henrik Svanevik
24 Apr 202322min

Pepsi max-krise, «Havbyen» og ein narsissistisk, dialektarrogant egotrip
Streiken held fram, og butikkhyllene går tomme for Pepsi max. Hamstrejournalistikken får mykje tyn, men den har også noko for seg. Her i vest handlar det om havet denne veka, men er eigentleg «Havbyen Bergen» meir enn et kult merkenamn og ein reklamefilm? Og så er det tid for å plukke frå kvarandre dialektdebatten til NRK-gubbane. Produsent: Henrik Svanevik
20 Apr 202346min