
Vestlandets første (og siste?) 100 km/t-veg
Motorvegen mellom Bergen og Os har opna, og me lurar på om dette er alt me får i vest. For det er ikkje akkurat mange oppturar på samferdslefeltet for tida. Hans prøver å vere optimist på klimaets vegne og Eirin dukkar opp for å rapportere frå slottet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll, Hans Mjelva og Eirin Eikefjord. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, Frp, FN og TV 2
4 Nov 202239min

Nytt byråd i Bergen
Arbeidarpartiet dannar byråd saman med Venstre, medan MDG ikkje får vere med vidare. På ein pressekonferanse torsdag sa avtroppande byråd Thor Haakon Bakke (MDG) at han var sjokkert. Me snakkar oss gjennom siste nytt i Bergens politiske drama i denne ekstraepisoden. Vekas vanlege episode kjem fredag. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Eirin Eikefjord. Produsent: Morten Myksvoll Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
3 Nov 202222min

Ein telefon frå slottet
Like før innspeling, fekk Eirin Eikefjord ein telefon frå slottet — og dei lurte på om ho kom på middag i kveld. Det skapte furore i det opne kontorlandskapet. Denne veka snakkar me òg om Sigbjørn Gjelsvik og FFI-rapporten om valtryggleik, justismordet i Baneheia og byen Oslo ikkje veit eksisterer. Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK
27 Okt 202232min

Bybanen og BT, fersk måling og prinsessetrøbbel
Oppfører Morten Myksvoll seg som kommunikasjonssjef for eit autoritært regime? Bybanekommentarar triggar sterke reaksjonar i Bergen, og «Nokon må gå»-gjengen diskuterer kvifor. I tillegg finst det ei fersk bergensmåling å gå gjennom, etter mykje politisk kaos i byen. Sist, men ikkje minst «Å Vestland» der Jens Kihl spør: Gir debatten rundt prinsesse Märtha Louise og Durek Verett nytt liv til tankar om vestlandsk separatisme? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: @shamandurek, Instagram, NRK, TV2.
20 Okt 202248min

Bergen i limbo, trugslar i Nordsjøen og litt optimisme frå 80-talet
Ingen vil styre Bergen etter at Roger Valhammer trekte seg. Men kva er eigentleg poenget med å vere politikar viss du ikkje vil ha makt, spør Jens Kihl, Morten Myksvoll og Gerd Tjeldflåt seg. Droner i Nordsjøen får krigen til å komme nærare, men Myksvoll forklarer også kvifor me nordmenn ikkje skal vere så redde for krig. Og treng du å sjå endå litt lysare på livet, så har Kihl reist tilbake til 80-talet og funne litt motivasjon. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK
12 Okt 202238min

Ekstra: Byrådsleiar Roger Valhammer må gå
Etter ein høgdramatisk kveld er det klart: Det er fleirtal for mistillit mot byrådsleiar Roger Valhammer. No ventar alle på at han skal snakke, etter alt å dømme må han trekke seg. Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt fortel om dramaet, kvifor barnevernssakene hadde så stor sprengkraft og vågar såvidt å tenkje på kva dette betyr for Bergen vidare. Det blir kaotisk. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl. Produsent: Gerd Tjeldflåt Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
7 Okt 202221min

Statsbudsjett, skipstunnel og byrådskrise
Statsbudsjett og byrådskriser kjem ikkje kvar dag. Men onsdag 6. Oktober er ikkje ein kva som helst dag. I Oslo har eit litt stramt budsjett blitt presentert etter vekevis med åtvaringar om kor gale det skulle bli. Men det er ikkje strammare enn at regjeringa har funne pengar til ein tunnel for båtar. Og i Bergen går det mot ein skjebnekveld, der byrådet kan bli felt for barnevernsskandalane. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Hans Mjelva og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Bergen kommune, Stortinget
6 Okt 202240min

Ekstra: Byråd i krise etter barnevernsskandale
Tragiske barnevernssaker har kasta Bergen inn i ei av sine mest alvorlege politiske kriser. Mykje talar for at det blir fremja mistillitsforslag der heile byrådet kan ryke. Eirin Eikefjord, Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt oppsummerer dramet som så langt har utspelt seg. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl, Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
4 Okt 202223min