
Klimamål, podkrangel, Zelenskyj-tale og Høgre-landsmøte
Senterpartiets Marit Arnstad meiner at Noreg kan måtte skyve på klimamåla våre, sidan det ikkje vil vere mogeleg å elektrifisere heile sokkelen med straum frå land. Me dykker ned i konflikten mellom Ap-podkasten Partipressa og Harald Eia, snakkar om talen til den ukrainske presidenten i Stortinget – og så spør Anne om råd før ho skal på Høgre-landsmøte i helga. Programleiarar: Jens Kihl, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, Tore og Haralds podkast, Stortinget
31 Mar 202241min

Kaos i Bergen og sushi i Knarvik
Det er framleis bråk i Bergen Senterparti og Høgre held fram med sin nomiasjon. Det politiske Bergen leverer altså på toppnivå. I tillegg har sparkesykkelselskapet Ryde fått tyn frå Arbeidstilsynet. I spalta "Å Vestland" skal me til Knarvik, som kan få sin første sushi-restaurant. Men kan strilar ete sushi? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, NRK
24 Mar 202242min

Kamp om Bergen Høgre-trona, alt blir dyrt og vestlandsk ferieplanlegging
Gerd ser at det bryggar opp til kamp om toppvervet i Bergen Høgre, etter at fleire bydelslag utfordrar Harald Victor Hove som byrådsleiarkandidat. Anne forklarer kvifor det er vanskeleg for regjeringa at staten tener så mykje pengar. Og Morten lurer på kva type ferieplanlegging som er den mest vestlanske måten. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK
17 Mar 202237min

Tajik gjekk av (igjen) og verda har gått frå pandemi til krig
Hadia Tajik har gått av to gongar på éi veke, Marte Mjøs Persen har fått ny statsrådpost og me har gått rett frå pandemi til krig. I tillegg får me eit innblikk i NHH-kulturen i “Å Vestland”. Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Nettavisen, Regjeringa, NRK
10 Mar 202245min

Kvinnedagen spesial
Anne og Eirin snakker om sitt forhold til kvinnedagen, sine feministiske kampsaker og hvorfor det er så mye krangling i kvinnebevegelsen. Programleiarar: Anne Rokkan og Eirin Eikefjord Produsent: Anna Ofstad Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
8 Mar 202235min

Tajik gjekk, Ukraina-krigen held fram og Kinn vil dele seg i to
Hadia Tajik gjekk av som arbeidsminister onsdag, men held fram som nestleiar i Ap. Må ho gå av endå ein gong? Ukraina-krigen held fram, og snur opp ned på det meste. Og heilt uavhengig av alt anna: Noregs raraste kommune vil dele seg. Me skal til Kinn i Å Vestland. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BE24, Stortinget
3 Mar 202243min

Presseskandale og ei oppskrift på å bli bergensar
Hadia Tajik er vekas mest omtalte i Norge, etter utskjelling av Aftenposten og saker om pendlarbustad. Ei presseskandale kalla ho det, men er det kanskje ho som står for skandalen? Ei fersk bergensmåling står elles på programmet, før Anne Rokkan sjekkar om Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt er blitt ekte bergensarar enno. Programleiarar: Gerd Tjeldfåt, Anne Rokkan, Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Lyd: NRK Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
24 Feb 202252min

Ekstrapod om Ukraina
Russland har invadert Ukraina – igjen. Morten Myksvoll og Stig Arild Pettersen snakkar seg gjennom korleis me kom hit, og kva som kan skje framover. Programleiarar: Morten Myksvoll og Stig Arild Pettersen Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
23 Feb 202231min