12 Poeng
Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!

Episoder(113)

Miniepisode: Georgia 2019

Miniepisode: Georgia 2019

SoMe-ansvarlig Hanne vurderer å logge på Twitter for første gong. Lars rettar på georgisk uttale. Og dessutan: Er Sør-Ossetia eit eigna feriemål? Svaret får du i dagens episode. Vi er på Twitter og Instagram @12poeng. Vi har også e-post: podcast@12poeng.no

8 Apr 201919min

Miniepisode: Belgia 2019

Miniepisode: Belgia 2019

Vi lurer på namnekonvensjonar i Benelux og let oss imponere av Generasjon Prestasjon. Tips og triks kan sendast på Instagram eller Twitter @12poeng eller smell til med ein e-post til podcast@12poeng.no

7 Apr 201919min

Miniepisode: Tsjekkia 2019

Miniepisode: Tsjekkia 2019

Djupe nedturar og ein ganske høg opptur pregar Tsjekkia si ESC-historie. De får gleda av å høyre Lars recappe eit utval av tidlegare bidrag med ikkje-vekk-ungane-stemme, og Hanne lærer om ein ny musikksjanger. Vi vurderer òg britiske aksentar. Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Prøv dei nye og freshe appane Instagram eller Twitter @12poeng eller send elektronisk post til podcast@12poeng.no

6 Apr 201915min

Miniepisode: Polen 2019

Miniepisode: Polen 2019

Lars minnest ei av dei meir obskure syngedamene han var oppteken av i puberteten. Hanne får bruk for erfaringar med bulgarsk damekormusikk. Og kva er det motsette av Aretha Franklin si stemme? Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller, som ungdommen seier, Insta. Eller send oss eit lite brev på podcast@12poeng.no.

5 Apr 201920min

Miniepisode: Serbia 2019

Miniepisode: Serbia 2019

Vi lanserer eit heilt nytt system for å optimalisere ESC-opplevingane til folk flest, og kjem dessutan nærmare prompehumor enn vi har vore nokon gong tidlegare. Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller Instagram, eller smell til med ein e-post til podcast@12poeng.no

4 Apr 201915min

Miniepisode: Ungarn 2019

Miniepisode: Ungarn 2019

Lars drøymer seg bort i den fagre finsk-ugriske språkfamilien når vi i dag helser på ein gammal kjenning frå Ungarn. Vi anar eit paternalistisk tema i årets konkurranse. Hanne er framleis veldig redd for det nye mediet Twitter. Ta gjerne kontakt med oss der eller på Instagram @12poeng. Eller send oss ein e-post på podcast@12poeng.no

3 Apr 201918min

Miniepisode: Montenegro 2019

Miniepisode: Montenegro 2019

Vi mimrar tilbake til studenttida då vi levde korlivets glade dagar, og stiller det vanskelege spørsmålet: Er all vokalgruppemusikk kleint, eller berre det Montenegrinske bidraget til ESC 2019? Kontakt oss gjerne på Twitter eller Instagram @12poeng, eller skriv eit e-brev til podcast@12poeng.no

1 Apr 201915min

Miniepisode: Kviterussland 2019

Miniepisode: Kviterussland 2019

Vi byrjar første semifinale i landet som gav oss Alexander Rybak. Her er det kvite bukser og lave forventningar til engelsk uttale, dessutan suspekt oppførsel i nasjonale finaler. Følg oss på Instagram og Twitter @12poeng eller skriv eit brev til podcast@12poeng.no

29 Mar 201918min

Populært innen Underholdning

papaya
storefri-med-mikkel-og-herman
harm-og-hegseth
tusvik-tnne
enkel-servering
topp-3-med-mads-og-rasmus
konspirasjonspodden
hovla
nare-venner
big-5-med-nils-og-harald-2
tore-og-haralds-podkast
tore-tang-med-camilla-herrem
gi-meg-alle-detaljene
ma-pa-behandling-med-morten-ramm
stryknin-og-kaffe
christine-dancke
skikk-og-bruk
podme-bio-3
hollywood-love-stories
humorprisen