
Lagapodden: Tønsberg i mellomalderen
Det har vorte hevda at Tønsberg er Norges eldste by, og i følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag før 871. Under eit kvart omstende vaks byen fram i eit område med stor rikdom, og var eit knutepunkt for handel med kontinentet. På Slottsfjellet over byen var det frå midten av 1100-talet eit festningsanlegg.Under Håkon Håkonsson si regjeringstid mellom 1217 og 1263 vart det her bygd eit festningsverk i stein, med to ringmurar og eit kastell i midten, det heile kjent som Tønsberghus. Her residerte norske kongar frå midten av 1200-talet, og byen var kongeleg redisensby på heile 1300-talet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
12 Des 202125min

Lagapodden: Trondheim i mellomalderen
Trondheim var i mellomalderen setet for dei norske erkebiskopane. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag av Olav Trygvasson i 997. Trondheim låg i maktområdet for ladejarlane. Dei var ei fyrsteslekt som kontrollerte Trøndelag og Nord-Norge, eit område rikt på naturressursar i både havet og på fjellet. Denne rikdommen må ha vore noko av bakgrunnen for at det norske erkebispesetet vart lagt til Trondheim i 1153. Med det kom både eit lærdomsmiljø til byen, men òg politisk makt. Alt visualisert gjennom Nidarosdomen, som trona over byen som det største byggverket i norsk mellomalder. Trondheim var òg ein viktig kongeleg residensby på byrjinga av 1200-talet, og med Landslova av 1274 vart Trondheim òg staden kongeval skulle skje. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
5 Des 202125min

Lagapodden: Bergen i mellomalderen
Bergen var Norges største by i mellomalderen. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag av Olav Kyrre i 1070. Området hadde då vore eit maktsenter lenge, med kongsgarden på Årstad bak byen, som eit klart teikna på dette. Bergen ligg mellom Sognefjorden i nord og Hardangerfjorden i sør. Desse fjordane går djupt inn i landet, og kan reknast som vegar til å transportera naturressursar ut frå heile det sentrale Vestlandet for utskiping til kontinentet. Dette er mykje av bakgrunnen for at Bergen var ei mellomstor europeisk handelsby i høgmellomalderen. Men viktig for byveksten var òg at Bergen på 1200-talet var den viktigaste residensbyen for norske kongar, samstundes som erkebiskopen òg hadde eit palass her. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
28 Nov 202144min

Lagapodden: Kva kan mellomaldermanuskripta fortelja oss?
Landslova av 1274 finst bevart i mange manuskript. Manuskripta gjev oss informasjon om meir enn lovreglane dei formidlar. Gjennom illuminasjonar og teikningar, gjennom understrekingar, peikarar, margkommentarar, og så vidare, kommuniserer fortida sine skrivarar med notida sine lesarar. Kva informasjon kan vi henta ut av denne dialogen med fortida: kva lærer vi om prosessen rundt og aktørane i produksjon av manuskript, om bruken av manuskripta, og om korleis lov vart formidla og brukt i samtida? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
19 Okt 202131min

Lagapodden: Kva er eit mellomaldermanuskript?
Den Landslova som vart gjeven i 1274, har vi ikkje bevart. Eldste Landslovsmanuskriptet er frå om lag 1300, og så har vi nesten 40 andre manuskript som er skrivne mellom 1300 og 1350. Kva er eit mellomaldermanuskript for noko og korleis vart dei laga i mellomalderen, kva anna materiale inneheld Landslovsmanuskripta, kven skreiv, kva språk er dei skrivne på, kva har gjort at nokre manuskript er bevart heilt fram til i dag, og korleis brukar vi dei bevarte manuskripta når vi skal rekonstruera Landslova av 1274? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
13 Okt 202132min

Lagapodden: Dei norske byane og Bylova av 1276
Landslova av 1274 regulerte forholda på landet. I 1276 gav Magnus Lagabøter ei Bylov for Bergen, som seinare vart nytta av dei noko over 10 norske byane. Her finn ein reglar om særleg handel og spesielle byforhold som brann, vakthald, laste og lossereglar, og så vidare, ved sida av mange reglar som var like for land og by. Men kva norske byar fanst på siste halvdel av 1200-talet, kva gjorde at kongen gav lover for byane, i kva grad fall lov og rett for by og land saman og i kva grad var det faktisk skilt frå kvarandre i praksis? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
6 Okt 202135min

Lagapodden: Hirda, Hirdskrå og dei som styrte Norge
Landslova av 1274 regulerte mange samfunnsforhold i ein mellomaldersk forstand. Ein skal likevel ikkje overdriva styringskrafta til lovboka. For det fyrste vart ein god del regulert gjennom andre ordningar. Ikkje minst kongen sin sentraladministrasjon vart regulert gjennom Hirdskrå, som ein nesten kan rekna som ei eiga lovbok ved sida av Lands- og Bylova, gjeven av Magnus Lagabøter. For det andre var bruken av Landslova delvis i hendene på lokale nemndemenn, som stod fjernt frå sentraladministrasjonen. Kva var eigentleg kongen sin sentraladministrasjon, kva reglar gjaldt for denne, og kva funksjon hadde dei lokale nemndemennene i rettspleia? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
29 Sep 202135min