Lagapodden: Oslo i mellomalderen

Lagapodden: Oslo i mellomalderen

I følgje Snorre Sturlasson vart Oslo etablert av Harald Harråde på midten av 1000-talet, men på det tidspunktet hadde bydanninga alt teke til. I 1070 vart det etablert eit bispesete i Oslo, og byen fekk delvis preg av å vera ein biskopsby, som vil seia at biskopen dominerte byen økonomisk og politisk. Dette endra seg i løpet av 1200-talet, og frå kong Håkon V frå 1299 vart Oslo kongeleg residensby, og i ein periode så sentral at vi kan kalla den for ein hovudstad.


Byen vart slik eit økonomisk og politisk senter der Oslofjorden møter eit rikt innlandsområde, og som andre norske mellomalderbyar, vaks Oslo fram som utskipingshamn for naturressursar i innlandet.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episoder(50)

Lagapodden: Det norske riket i høgmellomalderen

Lagapodden: Det norske riket i høgmellomalderen

Magnus Lagabøte gav i 1274 Landslova for det norske veldet og skattlanda, i 1276 ei eiga lovbok for byane, i 1277 (eller kanskje eit anna år på 1270-talet) ei eiga lovbok for kongen si hird, hoffet og administrasjonen, og til slutt ei lovbok for Island i 1281. Dermed fekk alt område som Magnus Lagabøter styrte ny lov. Men kva var Noreg i høgmellomalderen? Kva var relasjonen mellom det norske veldet og skattlanda, kva posisjon hadde Island, kva status hadde den samiske befolkninga, kvifor fekk by og land kvar sine lovbøker, og kva rolle spela hirda i styret av Noreg? Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Erik Opsahl, professor i historie, NTNU. Musikk ved Øyonn Groven Myhren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

30 Mar 202133min

Lagapodden: Landslova: Det umogelege gjort mogeleg

Lagapodden: Landslova: Det umogelege gjort mogeleg

Landslova av 1274 er ei av få riksdekkjande lovbøker i europeisk høgmellomalder, og fekk ei lang levetid og ei større utbreiing enn dei andre. Dette gjer Landslova til eit europeisk storverk. Er det god nok grunn til å markere at det i 2024 er 750 år sidan Landslova vart vedtatt på Frostating? Eller finst det andre grunnar til å trekke fram dette lovverket som ei særleg viktig hending i norsk mellomalderhistorie?Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

24 Mar 202141min

Populært innen Fakta

fastlegen
dine-penger-pengeradet
hanna-de-heldige
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
foreldreradet
fryktlos
mikkels-paskenotter
treningspodden
sondagsquiz-med-hasse-tophe
smart-forklart
dypdykk
sinnsyn
rss-kunsten-a-leve
dopet
rss-sunn-okonomi
sovnlos
hverdagspsyken
bedragere
tomprat-med-gunnar-tjomlid
rss-privatgranskeren-2