
Klimaspesial: Er det klimafiendtleg å få barn?
I denne livepodden frå klimafestivalen «Varmere, villere, våtere» spør BT-kommentatorane Gerd Margrete Tjeldflåt, Marie Misund Bringslid og kulturredaktør Jens Kihl kvifor det er så mange i Noreg som tviler på klimaendringane? Og er det naudsynt å velje bort born av omsyn til klima? Gjestar på scena er Kikki Kleiven, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning og Gina Gylver, leiar av Natur og Ungdom. Produsent: Henrik Svanevik
19 Mar 202344min

Eksklusivt i NMG: SV pustar Ap i ryggen på ny bergensmåling
SV susar framover i Bergen, og i helga har både dei og Sp landsmøte. Vedum har slutta å le, men vil i staden overvake oss alle. KrF vil hindre skjenking på Torgallmenningen. Overraskande nok er ikkje Nokon må gå-panelet einig. Produsent: Henrik Svanevik
16 Mar 202339min

Vestlandsvasking, Erna-bok og køkaos
Erna Solberg har gitt ut eit nytt politisk manifest, men i Nokon må gå-studio blir det reist eit stort spørsmål til det heile. For kva gjorde ho eigentleg då ho styrte sjølv? Rikingar som prøver å vestlandsvaske skatteproblema sine er også tema. Og i vekas «Å Vestland» står by mot land når vegarbeid og kø er tema. Er det eigentleg synd på byfolk som står i kø på veg til hytta? Produsent: Henrik Svanevik
9 Mar 202336min

Spesial: – Eg er ofte glad for at eg ikkje sit i den regjeringa
Audun Lysbakken har berre dagar igjen som SV-leiar, og snakkar ut i denne liveinnspelinga av «Nokon må gå». Han gir sin analyse av kvifor regjeringa feilar, kvifor Vestlandet taper, og kvifor det trass alt ikkje går endå betre med SV. Gjest er også Amy Black Ndiaye, skaparen av suksess-serien «Verden er min». Produsent: Henrik Svanevik
8 Mar 202358min

Samedemonstrantar, nattmat og kvifor hatar regjeringa Bergen?
Regjeringskvartalet er okkupert av demonstrantar. Fosen-saka er blitt eit enormt dilemma for regjeringa, og i denne episoden får du dei viktigaste momenta oppsummert. Me snakkar også om boka som riv opp gamle sår i Arbeidarpartiet, og sluttar ikkje å la oss sjokkere av ukulturen kvinner er utsett for. Vekas «Å Vestland» handlar om korleis regjeringa i skjul har bestemt å bygge ned Bergen. Produsent: Henrik Svanevik
2 Mar 202337min

Spesial: Eitt år etter invasjonen
I eitt år har det vore fullskala-krig i Europa. Den gongen såg det svært mørkt ut, idet russiske stridsvogner var på veg mot Kyiv. Men både byen og Ukraina står enno. Krigen har likevel enorme kostnader, og grip inn i våre liv. Vår eigen ekspert, kommentator Morten Myksvoll oppsummerer, og gir deg analysene om korleis krigen kan utvikle seg vidare. Produsent: Henrik Svanevik
23 Feb 202323min

Spesial: Høgre til nye høgder
Høgre gjer si beste BT-måling i Bergen på eit tiår. Og dei har enno potensiale til å vekse. Ap, derimot, strevar framleis langt under 20-talet. Finst det noko håp i all miseren? Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt dykkar ned i tala i den rykande ferske målinga. Produsent: Henrik Svanevik.
20 Feb 202320min

Kokain, Lothepus, sosialdemokratiske forum og mykje, mykje meir
Ap står i brann, men partitoppane i Bergen lukkar auga og lagar tøysete stemning. Frp skaffar seg nye realitykjendisar, etter å ha gitt slipp på andre. Sophie Elise og Märtha Louise sjokkerer på kvar sin måte. Produsent: Henrik Svanevik
16 Feb 202341min