Nokon må gå

Nokon må gå

Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet. Ny episode kvar torsdag!

Episoder(408)

Titcock, Trym Aafløy-comeback og litt skam

Titcock, Trym Aafløy-comeback og litt skam

Justisministerens Tiktok-blemme får ingen vidare konsekvensar. Er det fordi så mange andre politikarar også er dårlege på datatryggleik? I Bergen ventar me på rekordmange cruiseturistar og Trym Aafløy gjer comeback. Og sist, men ikkje minst: «Nokon må gå» er blitt forska på. Konklusjonen gjer oss litt skamfulle. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Stortinget, Fred Olsen cruises

9 Feb 202335min

Spesial: Småpartia kaprar veljarar

Spesial: Småpartia kaprar veljarar

Bompengegeneral Trym Aafløy stiller ny liste til valet i Bergen, og føyer seg inn i rekka av små lister og parti som no påverkar norsk politikk meir enn du skulle tru. Målingsekspert Johan Giertsen er med i studio for å dykke ned i partikategorien «Andre». Og her finn me langt fleire veljarar enn før. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

7 Feb 202318min

Dritslenging og anna ungdomsskulestemning

Dritslenging og anna ungdomsskulestemning

Den store snakkisen i Bergen denne veka var eit uforskamma og uprovosert forfattaråtak. I bergenspolitikken sit Arbeidarpartiet igjen nesten utan venner, og ser ut til å takle det ganske dårleg. Partileiar Olaug Bollestad har lansert ein ny strategi for KrF, men vil den lukkast? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Oslo symposium

2 Feb 202333min

Nattklubb, luksushotell og Sandnes

Nattklubb, luksushotell og Sandnes

Støy frå ein nattklubb forstyrrar samfunnstryggleiken i Bergen kommune. No er det trugsel om søksmål i millionklassen. Samstundes er kommunen i trøbbel for sin bruk av luksushotellet Solstrand. For er det eigentleg naudsynt med basseng og skalldyrbuffet på jobbseminar? Og så stiller me det essensielle spørsmålet frå serien «Evy og alltid»: Er det bedre å vere konge i bondeby, enn bonde i kongeby? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, TenshiNOR på Youtube

26 Jan 202334min

Spesial: Eit djupdykk i ytre venstreside

Spesial: Eit djupdykk i ytre venstreside

Alle snakkar om partiet Raudt, men korleis skal me forstå dei? For Gerd Tjeldflåt er mykje av historia og tankemåten framand. Jens Kihl, derimot, har levd mykje av livet sitt ute på venstrefløya. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

24 Jan 202323min

Tiktok, Raudt-krise og ulovlege emojiar

Tiktok, Raudt-krise og ulovlege emojiar

Det er krise og havari på alle kantar: Raudt står i den politiske skammekroken etter å ha vore på Debatten denne veka. I retten får ein mann skulda for Helge Ingstad-havariet, og justis- og beredskapsministeren vår er slumsete med Tiktok-bruken sin. I Kvinnherad derimot, er sjølv emoji-bruk ulovleg. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, @emiliemehl på Tiktok

19 Jan 202335min

Spesial: Nei vel, herr statsråd

Spesial: Nei vel, herr statsråd

Må vi leve med høge straumprisar i all framtid? Og kan Arbeidarpartiet leve med det? Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) er gjest i studio for å svare på (nesten) alt vi lurer på om straumpriskrisa. Programleiarar: Hans Kristian Mjelva, Jens Kihl Produsentar: Henrik Svanevik og Gerd Margrete Tjeldflåt Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

17 Jan 202322min

Narkotika, bybane og anna illegalt stoff

Narkotika, bybane og anna illegalt stoff

Bybanen er igjen sentral i Bergen, men finst det no håp om å få ein valkamp som handlar om noko anna? Og kva skal det i så fall vere? Politiet og lobbyorganisasjonen NNPF får alvorleg kritikk for å ha blanda rollene sine, men det får neppe store konsekvensar. Og den nye trenden på Vestlandet er tydelegvis å gi bygg namn som gir meining. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord, Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Regjeringen, Bergenslisten, Entra

12 Jan 202337min

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
forklart
stopp-verden
popradet
fotballpodden-2
dine-penger-pengeradet
det-store-bildet
bt-dokumentar-2
unitedno
hva-star-du-for
aftenbla-bla
rss-penger-polser-og-politikk
rss-ness
e24-podden
rss-borsmorgen-okonominyhetene
rss-dannet-uten-piano
oppdatert
rss-fredrik-og-zahid-loser-ingenting